• Regionalforsking
  • Om MF Volda
  • Prosjekt
  • Publikasjonar
  • 2014
  • 2013
  • 2012
  • Eldre publikasjonar
  • Tilsette
  • Tilknytte fapersonar
  • Kontakt oss
  • Nyheiter
Ørsta, regionen og Eiksundsambandet
Forfatter(e):Finn Ove Båtevik, Geirmund Dvergsdal, Erlend Krumsvik
Rapportnr:26
Publikasjonstype:Rapport
Utgiver:Møreforsking Volda
Årstall:2012
ISBN/ISSN:ISBN 978-82-7692-319-3 ISS 1891-5981
Sidetall:45
Oppdragsgiver:Ørsta kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune
Prosjekt:Ørsta, regionen og Eiksund-sambandet
Prosjektnr:17151
Nøkkelord:Regional utvikling,  Regionforstørring,  Regionale funksjonar,  Regional kapasitet,  Næring,  Trafikkmønster,  Kultur,  Fritid,  Befolkningsutvikling,  Bustadsattraktivitet,  Pendling,  Entreprenørskap 
 
 
LAST NED PDF
 

 
Eiksundsambandet vart opna i 2008 og gav ferjefritt samband mellom kommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande på Ytre Søre Sunnmøre og Ørsta og Volda på fastlandet. Dette la grunnlaget for ei tettare integrering av kommunane i det som har blitt heitande Eiksund-regionen. Resultatet har vorte eit tettare samspel mellom kommunane i regionen. Når Kvivsvegen blir ferdigstilt hausten 2012 vil Eiksund-regionen bli utvida, og kommunane Hornindal og Stryn blir ein del av den nye regionen. Kommunane Ørsta og Volda får ei sentral plassering i denne regionen, og representer på fleire måtar eit regionalt tyngdepunkt, ikkje berre gjennom si geografiske plassering, men også gjennom viktige regionale funksjonar som vertskap for flyplass, høgskule og sjukehus. Eiksund-regionen er også ein region i vekst, prega av fleire dynamiske næringsmiljø. Det er likevel klare utfordringar å gripe tak i. Regionforstørringa gir potensiale for vidare utvikling av regionen. I kva grad ein greier å nytte dette potensiale, er mellom anna avhengig korleis representantar for både det offentlege, næringslivet og det sivile samfunnet saman tek tak i dei utfordringane regionen og enkeltkommunane har.
 

Følg oss på TwitterFølg oss på Facebook