• Møreforsking
  • Konsernet
  • Historie
  • Visuell profil
  • Organisasjon
  • Tilsette
  • Vi tilbyr
  • Møreforsking på Nordmøre
  • Jobb hos oss?
  • Kontakt oss
  • Nyheiter

Møreforsking i kortversjon

Møreforsking driv forsking innan samfunnsplanlegging, velferd, logistikk, nærings- og transportøkonomi, og anvendt forsking og utviklingsarbeid retta mot marine og maritime næringar. Vi tek på oss oppdrag for kundar innan næringsliv og offentleg sektor både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
 
Eigarar er Møre og Romsdal fylke, høgskulane i Molde, Volda og Ålesund og Stiftelsen Møreforsking.  Møreforsking har eit tett fagleg og forskingsmessig samarbeid med dei tre høgskulane i fylket, og er deira hovudreiskap for handtering av eksternt finansierte forskingsoppdrag. Møreforsking er ein del av den nasjonale instituttsektoren, men har samstundes eit særleg ansvar for å arbeide med forsking og kompetanseoverføring til næringsliv, lokalmiljø og offentleg forvaltning i Møre og Romsdal. Som eit samfunnsvitskapleg institutt, har Møreforsking eit almennyttig formål for si forskingsverksemd.