![]() Nye kostarMøreforsking fekk frå 2008 ei ny organisering, nytt styre og ny leiing. All verksemd i Stiftelsen Møreforsking i form av tilsette og forskingsprosjekt med tilhøyrande rettar og plikter vart då overførte til Møreforsking AS.
Møreforsking AS har eigne forskingsavdelingar i Volda og Ålesund, og eig saman med Høgskolen i Molde dotterselskapet Møreforsking Molde AS. Møreforsking har hovudkontor med eit eige sekretariat i Volda.
Vi er 53 personar som er tilsette i konsernet Møreforsking, og desse utfører 45 forskarårsverk. I tillegg kjem ca 40 personar som er knytte til Møreforsking på prosjektbasis, av desse har dei fleste hovudstilling ved ein av dei samarbeidande høgskulane. I den samla staben er det 16 personar med kompetanse som professor/forskar I og 15 med kompetanse som førsteamanuensis/forskar II.
|

