Lyst på ei forskarkarrierè?Møreforsking er kontinuerleg på leiting etter nye medarbeidarar som har interesse og anlegg for ei karriere innan forsking på dei fagområda vi arbeider med.
Gjennom å drive med oppdragsforsking vil du kome i kontakt med ei rekkje spanande prosjekt retta mot nærings- og samfunnslivet, både nasjonalt og regionalt, samtidig som du byggjer nettverk til andre forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt. Dei fleste prosjekta blir løyste i tverrfaglege team, som er sett saman av forskarar med bakgrunn i ulike fag og disiplinar. Ein jobb i Møreforsking gir moglegheiter for å vidareutvikle din eigen kompetanse, både gjennom prosjektarbeid, utarbeiding av vitskaplege publikasjonar eller forskarutdanning.
Vi treng personar med ulik kompetanse, men ser helst at du har:
· Hovudfag/master eller doktorgrad på relevante fagområde
· Bakgrunn eller erfaring frå oppdragsforsking, men dette er ikkje ein føresetnad
Ta gjerne kontakt eller send oss din CV, anten til moreforsking@moreforsk.no eller direkte til leiaren på den staden du helst vil arbeide.
|
