• Regionalforsking
  • Samfunnsplanlegging
  • Menneske-stad
  • Småskala næring
  • Om MF Volda
  • Prosjekt
  • Publikasjonar
  • Tilsette
  • Tilknytte fapersonar
  • Kontakt oss
  • Nyheiter

God samfunnsplanlegging krev involvering

Samfunnsplanlegging er eit forskingsfelt innanfor regional utvikling ved Møreforsking. Sentralt innan dette temaområdet er det kommunikative perspektivet, som mellom anna inneber at endring i ei meir dynamisk retning krev betring av den sosiale kapitalen til samfunnet.
 
Sentrale samfunnsaktørar må vere inkluderte i offentlege prosessar. Dette gjer at dei lærer av kvarandre og utviklar sams oppfatningar om utfordringar, mål og handlingar. Slike perspektiv har i dag ein sentral plass også i norsk politikk innan regional utvikling og samfunnsplanlegging.
 
Temaet samfunnsplanlegging ved Møreforsking har ei forankring og utspring i problemstillingar knytt til regional utvikling, som kommunale og regionale utviklingsprosessar. Interkommunale planprosessar, organisering og partnarskap mellom offentleg, privat og frivillig sektor er døme på tema innan dette feltet. 
 
Oversyn over prosjekt innan Samfunnsplanlegging finn du her
 


Følg oss på TwitterFølg oss på Facebook