• Regionalforsking
  • Samfunnsplanlegging
  • Menneske-stad
  • Småskala næring
  • Om MF Volda
  • Prosjekt
  • Publikasjonar
  • Tilsette
  • Tilknytte fapersonar
  • Kontakt oss
  • Nyheiter

Menneske pregar stader og stader pregar menneske

Tilgang på menneskelege ressursar påverkar lokale og regionale utviklingsprosessar. Både arbeidsliv, sosiale og kulturelle forhold på ein stad vil bere preg av dette. Samstundes vil føresetnadene for menneskeleg utvikling vere prega av lokale og regionale forhold.
 
Møreforsking har gjennomført ei rekke prosjekt der forholdet mellom menneske og stad er tema. Det gjeld ikkje minst med tanke på folketalsutvikling, der det spenningsforholdet ungdom står i mellom eigen oppvekststad, ungdomskultur og utdanning er eit sentralt tema. Spørsmål om etablering, flytting og folketalsutvikling, er aktuelle i ein slik samanheng. Sett frå eit fylke der tilgangen på kompetanse og arbeidskraft ofte er knapp, er forholdet menneske – stad ikkje minst eit sentralt spørsmål med tanke på dei rammevilkåra eit ekspansivt næringsliv har for vidare utvikling. I forlenginga av dette er også tema som bustadsattraktivitet og stadsutvikling relevante.
 
Oversyn over prosjekt innan temaet Menneske - stad finn du her.