• Regionalforsking
  • Samfunnsplanlegging
  • Menneske-stad
  • Småskala næring
  • Om MF Volda
  • Prosjekt
  • Publikasjonar
  • Tilsette
  • Tilknytte fapersonar
  • Kontakt oss
  • Nyheiter

Små føretak gir ny næring

Ein stor del av næringsaktivitetane i distrikts-Norge går føre seg i små verksemder. Slike verksemder fyller viktige funksjonar og skaper nødvendige arbeidsplassar i mange lokalsamfunn. Dei er difor ofte langt viktigare enn deira relative bidrag til BNP skulle tilsei.
 
Sjølv om kategorien små verksemder huser har store variasjonar med omsyn til bransjetilhørigheit, lønnsemd, organisering, produkttypar og marknadsstrategi, står dei overfor mange av dei same utfordringane. Eksempel på dette kan være småskala-ulemper knytte til innkjøp, produksjon, rekruttering, marknadsføring, transaksjonar og logistikk, stor sensitivitet for marknadssvingingar og sesongvariasjonar. Mulige løysningar på slike utfordringar er bedriftssamarbeid, offentlege eller bransjefinansierte støtteordningar eller offentleg-private partnarskap.
 
Møreforsking har lang erfaring med denne tematikken frå studiar av mellom anna støtteordningar til utkantbutikkar og entreprenørskapssatsingar, rekrutteringsutfordringar til utkantsindustriar og organisering av samarbeid i fiskeoppdrettsnæringa.
 
Oversyn over prosjekt innan Småskala næringar finn du her.
 


Følg oss på TwitterFølg oss på Facebook