• Møreforsking
  • Organisasjon
  • Tilsette
  • Vi tilbyr
  • Møreforsking på Nordmøre
  • Jobb hos oss?
  • Kontakt oss
  • Nyheiter
  • Arkiv nyheiter

Møreforsking Marin søkjer ny kreativ medarbeidar

(24.06.2010)

Auka oppdragsmengde gjer at vi har behov for fleire hender og hovud i foredlingsgruppa. Vi arbeider med prosjekt innanfor råstoffbehandling, vidareforedling, utnytting av restråstoff og produktutvikling. Vi er spesielt interessert i personar som har kompetanse innanfor produksjonsprosessar i salt- og klippfiskindustrien.

 

 
Ein jobb i Møreforsking gir deg moglegheiter til å arbeide i ei interessant næring med store utviklingspotensial.  Gjennom prosjektarbeid vil du auke kompetansen din, utvikle nye idear i tett samarbeid med bedrifter og andre FoU institutt.
 
Vi treng personar med ulik kompetanse, men ser helst at du har:  
  • Hovudfag/master eller doktorgrad på relevante fagområde innan foredling
  • Bakgrunn eller erfaring frå oppdragsforsking, men dette er ikkje ein føresetnad
 
Ta gjerne kontakt eller send oss din CV, anten til Øyvind Herse oyvind@mfaa.no   eller  Margareth Kjerstad margareth@mfaa.no