• Møreforsking
  • Organisasjon
  • Tilsette
  • Vi tilbyr
  • Møreforsking på Nordmøre
  • Jobb hos oss?
  • Kontakt oss
  • Nyheiter
  • Arkiv nyheiter

Ny rapport: Ørsta, regionen og Eiksundsambandet

(20.01.2012)

Rapporten Ørsta, regionen og Eiksundsambandet, er ei kartlegging og strategisk analyse der ein ser på situasjonen i Eiksund-regionen generelt og Ørsta spesielt.

 
Eiksundsambandet vart opna i 2008 og gav ferjefritt samband mellom kommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande på Ytre Søre Sunnmøre og Ørsta og Volda på fastlandet. Dette la grunnlaget for ei tettare integrering av kommunane i det som har blitt heitande Eiksund-regionen.
 
Resultatet har vorte eit tettare samspel mellom kommunane i regionen. Når Kvivsvegen blir ferdigstilt hausten 2012 vil Eiksund-regionen bli utvida, og kommunane Hornindal og Stryn blir ein del av den nye regionen. Kommunane Ørsta og Volda får ei sentral plassering i denne regionen, og representer på fleire måtar eit regionalt tyngdepunkt, ikkje berre gjennom si geografiske plassering, men også gjennom viktige regionale funksjonar som vertskap for flyplass, høgskule og sjukehus.
 
Eiksund-regionen er også ein region i vekst, prega av fleire dynamiske næringsmiljø. Det er likevel klare utfordringar å gripe tak i. Regionforstørringa gir potensiale for vidare utvikling av regionen. I kva grad ein greier å nytte dette potensiale, er mellom anna avhengig korleis representantar for både det offentlege, næringslivet og det sivile samfunnet saman tek tak i dei utfordringane regionen og enkeltkommunane har.
 
Oppdragsgivar for prosjektet er Ørsta kommune. Prosjektet er finansiert gjennom LUK-midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
 
Rapporten kan du laste ned her.
 
Avisoppslag som omhandlar rapporten:
 
 
Dagens Næringsliv 21.01.2012: "Småbygder kan tape på veiutbygginger."
 
 
Hegnar Online 21.01.2012: "Småbygder kan tape på veiutbygginger".
 
 
Møre-Nytt 23.01.2012: "Samarbeid vil utløyse potensialet".
 
Møre-Nytt 23.01.2012: "Vi må utnytte Kvivsvegen".
 
Møreforsking Volda gjer merksam på at nærbutikkar ikkje er eit eige tema i denne rapporten (jf linkar til avisoppslag). Utfordringane som mange nærbutikkar møter, handlar om andre forhold enn vegutbygging. For meir informasjon om nærbutikkar, viser vi til Møreforsking Volda sine tidlegare forskingsprosjekt som du kan laste ned:
 
 
 
Nærare informasjon om prosjektet ved prosjektleiar Finn Ove Båtevik, Møreforsking Volda.
 
 
 


Følg oss på TwitterFølg oss på Facebook