• Regionalforsking
  • Om MF Volda
  • Prosjekt
  • Publikasjonar
  • Tilsette
  • Tilknytte fapersonar
  • Kontakt oss
  • Nyheiter

Om Møreforsking Volda

Møreforsking Volda driv samfunnsvitskapleg forsking med hovudvekt på velferd og regional utvikling. Fagfelta er utvikla i nært samarbeid med Høgskulen i Volda, som vi samarbeider tett med både om fagleg utvikling og gjennomføring av forskingsprosjekt.
 
Fagmiljøet i Møreforsking har i over 20 år arbeidd med teori- og metodeutvikling innan kommunikativ planlegging og samfunnsutvikling og er mellom dei fremste i Noreg innanfor dette feltet. Grunnleggjande i kommunikativ planlegging og samfunnsutvikling er at endring i ei meir dynamisk retning krev betring av den sosiale kapitalen til samfunn. Det vil seie planlegging med vektlegging av heilskap, aktiv deltaking, diskurs, samordning, samarbeid og delegering. Sentrale samfunnsaktørar må vere inkluderte i offentlege prosessar. Dette gjer at dei lærer av kvarandre og utviklar sams oppfatningar om utfordringar, mål og handlingar. Slike perspektiv har i dag ein sentral plass også i norsk politikk innan regional utvikling og samfunnsplanlegging.
 
Ei sentral fagleg tilnærming for Møreforsking Volda er organisering, samarbeid og brukarperspektiv i høve til offentleg teneste- og velferdsproduksjon. Vi driv her forsking og evalueringar av organisering av ulike tenester, organisasjonar og tiltak. Dette gjeld og samarbeid innanfor og mellom ulike typar velferdstenester, organisasjonar og forvaltningsnivå.
 
Møreforsking Volda tilbyr óg skreddarsydde kurs og undervisingsopplegg innafor områda:
  • prosessleiing
  • forskingsmetode
  • velferdsteori (herunder folkehelseperspektiv)
  • akademisk skriving 
 


Følg oss på TwitterFølg oss på Facebook