• Regionalforsking
  • Om MF Volda
  • Prosjekt
  • Publikasjonar
  • Tilsette
  • Tilknytte fapersonar
  • Kontakt oss
  • Nyheiter
  • Nyheitsarkiv
Medieinteresse for Merkur-evalueringa
(17.06.2014)

Utkantbutikkane betyr mykje for bygdefolket og Merkur-programmet utløyser større effektar enn kva som kan målast i reine pengar.

 
Vellykket satsing på utkantbutikker
(20.05.2014)

Merkur-programmet er Kommunal- og moderniseringsdepartementets satsing på dagligvarebutikker i distriktene. En evaluering av Merkur-programmet viser at satsingen er vellykket.

 
Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar til Møre og Romsdal
(07.05.2014)

Møreforsking har fått i oppdrag av Møre og Romsdal fylkeskommune å lage eit kunnskapsgrunnlag som skal brukast til å setje i verk tiltak for å få fleire unge kvinner med høg utdanning til å busette seg i fylket

 
Byane si rolle som attraksjonssentra i Møre og Romsdal
(02.05.2014)

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit mål om å få fleire tilflyttarar til fylket. Hypotesa er at Møre og Romsdal manglar urbanitet, og at fylket kan bli meir attraktivt dersom ein utviklar Ålesund, Molde og Kristiansund som tydelege regionsentra med sterke bykvalitetar.

 
Møreforsking + kommunene = klimavinnere!
(14.03.2014)

Møreforsking har siden 2008 jobbet sammen med kommunene på Søre Sunnmøre om klimaplanlegging og gjennomføring av tiltak i de kommunale klimaplanene

 
Suksesskriterier for planlegging og forankring
(03.03.2014)

På Husbanken si programkommunesamling i Trondheim nyleg var Møreforskar Susanne Moen Ouff ein av foredragshaldarane.

 
Jobb og hjarte styrer
(18.02.2014)

Møreforskar Gro Marit Grimsrud har forska på flyttemønster i Nord-Gudbrandsdal, og slår fast at ungdom flyttar ut for å ta utdanning. Etterpå er det tilfeldig kvar dei hamnar.

 
Bill. mrk. "Interessant kompetansemiljø"
(10.02.2014)

Møreforskar Finn Ove Båtevik skriv i ein kronikk i Sunnmørsposten om korleis bedriftene og regionen skal hente kloke hovud.

 
Samling i Plannettverka i Møre og Romsdal
(10.02.2014)

Arbeidsinnvandring var hovudtema då Plannettverka i Møre og Romsdal samla seg i slutten av januar

 
Møreforsking underteiknar partnarskapsavtale med Grøn Fjord
(30.01.2014)

Møreforsking vart torsdag første partnar i partnarskapen «Eit reint meisterverk» knytt til Grøn Fjord 2020.

 
Connecting the Dots
(29.01.2014)

Vår nyeste Møreforsker Marte Fanneløb Giskeødegård gir her en smakebit i "populærversjon" av innholdet i sin rykende ferske doktoravhandling om globalisering av arbeidslivet.

 
Ny Møreforskar
(15.01.2014)

Marte Fanneløb Giskeødegård tek til som forskar hos Møreforsking i dag. Marte har master og PhD i Sosialantropologi frå NTNU, spesialisert på organisasjon og arbeidsliv.

 
Det skjer i Møreforsking
(14.01.2014)

Nytt år, nye mulegheiter. Hos Møreforsking står det mykje spennande på plakaten.

 
Kompetanse - flaskehals for regional innovasjon?
(19.12.2013)

Ei gruppe innovasjonsforskarar skriv i ein artikkel i Plan 6/2013 om innovasjons og rekrutteringsutfordringar i eit regionalt perspektiv.

 
Nytt prosjekt: evaluering av Merkur-programmet
(10.12.2013)

Møreforsking skal evaluere Kommunal- og regionaldepartementets satsing på utkantbutikker

 
Indikatorverktøy for Møre og Romsdal fylkeskommune
(09.12.2013)

For å vurdere måloppnåinga av Fylkesplan 2013-2016 har Møreforsking utarbeida eit indikatorverktøy for Møre og Romsdal fylkeskommune

 
Affekt, mobilitet og sted. Hvor går teoriene?
(04.12.2013)

Grimsrud deltok med innlegg om affekt, mobilitet og sted på nettverksseminar om stedsteori ved Universitetet i Agder, 28. og 29. november. Nettverket har som mål å fremme utviklingen av stedsteori i en norsk kontekst og planlegge et bokprosjekt som kan dekke behovet for en oppdatert norsk gjennomgang av stedsteorier og stedsutvikling.

 
Grøn fjord konferansen 2014 i Geiranger
(28.11.2013)

22.-23. januar 2014 blir den fyrste Grøn fjord konferansen arrangert i Geiranger.

 
Bygdeforskingsdagen: Ny mobilitet for bygdene
(08.11.2013)

To forskarar frå Møreforsking deltok på Bygdeforskingsdagen 4. og 5. november, med kvar sitt innlegg om flyttemønster. Mobiliteten på bygdene stod på timeplanen. Eit bodskap frå konferansen, og ikkje minst knytt til dei to innlegga frå Møreforsking, er at distrikta og bedriftene må bli flinkare å tenke breidde i eiga rekruttering. Nye grupper viser interesse både for arbeidstilbodet og andre kvalitetar ved distrikts-Norge. Den sterke arbeidsinnvandringa, viser at mange distriktskommunar blir opplevde som attraktive. Mange kommunar og bedrifter tenkjer likevel veldig tradisjonelt når det gjeld eige rekruttering- og tilflyttingsarbeid og har så langt utnytta potensiale for ny rekruttering dårleg.

 
Arbeidsinnvandring styrkar Vestlandet
(25.09.2013)

På konferansen Vestlandsk Vidsyn i Ålesund vart dei fyrste resultata frå eit omfattande forskingsprosjekt om arbeidsinnvandring presentert.

 
Høg kompetanse er ein knapp ressurs
(25.09.2013)

Hovedfunna frå prosjektet "Kompetanse for ei kunnskapsintensiv framtid" vart presentert som ein del av Forskingsdagane 2013.

 
JordmoraHeim - mødrene sine erfaringar
(17.09.2013)

Liggetida på sjukehuset for dei fødande skal reduserast. I omlag eit år har alle fødekvinner i Volda og Ørsta fått heimebesøk av jordmor rett etter dei har kome heim frå sjukehuset. Prøveordninga er følgd av Møreforsking.

 
Mediefagleg utdanning gjev arbeid!
(17.09.2013)

Mediefagleg utdanning frå Høgskulen i Volda styrkar mulegheitene for relevant arbeid og blir opplevd som nyttig i arbeidsforholda.

 
Forskingsdagane 2013 i Volda
(13.09.2013)

I tida 20. til 24. september byr Forskingsdagane på eit rikhaldig program i og rundt Volda. Møreforsking stiller med foredragshaldar Finn Ove Båtevik. Han skal presentere funn frå VRI-studien omkring rekruttering av kompetansearbeidskraft til marin og maritim sektor i Møre og Romsdal.

 
Ny rapport: Rauma tiltrekk seg naturglade menneske
(28.08.2013)

Arbeidsmarknaden og sosiale tilhøve er dei to forholda som i størst grad fører til fråflytting, medan naturen, familierelasjonar og bustadtilhøve er dei viktigaste motiva for å busette seg i Rauma kommune.

 
Møreforsking set dagsorden: Er Nordfjord ein vinnarregion?
(27.08.2013)

I kveld møtest folk frå heile Nordfjord til stor valdebatt på Nordfjordeid. Toppkandidatane til stortingsvalet skal diskutere spørsmålet "Nordfjord - Ein vinnarregion for framtida?" Forskar Finn Ove Båtevik innleiar til debatten.

 
Tilflyttingsarbeid verkar for dei få
(26.08.2013)

Dei fleste kommunane i Distrikts-Noreg arbeider for å auke tilflyttinga. Rapporten «Tilflytting for enhver pris?» viser at det er få som flyttar på grunn av denne aktiviteten, og forskarane stiller spørsmål om tilflyttingsarbeidet har hatt ei for snever innretning.

 
Ny rapport: Utviklingstrekk i Nordfjord
(02.07.2013)

Møreforsking har gjort ei samfunnsanalyse for Nordfjord, og peikar på opningar og utfordringar for framtida.

 
Fagbok på engelsk om det moderne norske samfunn
(24.06.2013)

Finn Båtevik, forskar hos Møreforsking Volda, har bidrege til ei fersk lærebok på engelsk om det moderne norske samfunn.

 
Susanne Moen Ouff ny avdelingsleiar i Møreforsking Volda
(18.06.2013)

Frå 1. juli vil Moen Ouff overlappe med Gunnar Stave som går av med pensjon til hausten.

 
Ny rapport: Regional attraktivitet – kartlegging av brukarerfaringar
(23.05.2013)

Seks kommunar på Sunnmøre slår seg saman for å gjere regionen meir attraktiv å bu og jobbe i. Tilflyttarar i desse kommunane som Møreforsking har snakka med, seier at enklare tilgang til naturen, fleire sosiale møteplassar og at dei blir tekne godt imot er tiltak det bør satsast på.

 
Ny rapport: Kompetanse for ei kunnskapsintensiv framtid
(21.05.2013)

God bedriftskultur, synlege næringar og friluftsinteresser er nokre faktorar som kan gjere marine og maritime arbeidsplassar i Møre og Romsdal attraktive for høgt utdanna arbeidskraft.

 
Elisabeth Maråk Støle ny direktør
(26.04.2013)

Styret i Møreforsking AS har ansatt Elisabeth Maråk Støle som ny direktør i Møreforsking AS.

 
NRK Sogn og Fjordane med sak om skulenedlegging
(07.03.2013)

I eit innslag frå Høyanger bekreftar ungdom, lærarar og trenarar at idrettsmiljøet i bygda vil verte øydelagd om den vidaregåande skulen vert lagd ned.

 
Inn på tunet-innlegg på nettverksamling i Sør-Trøndelag
(01.03.2013)

Møreforsking heldt innlegg om moglegheitene for kommunal tenesteproduksjon på gard.

 
Kronikk om nedlegging av videregåande skular
(01.03.2013)

Les om konsekvensar av nedlegging av videregåande skular i Møreforsking sin kronikk i Sunnmørsposten.

 
To nye prosjekt om regional utvikling
(27.02.2013)

Møreforsking set i gong med eit prosjekt om bu- og flyttemotiv i Rauma og ei kartlegging av utviklingspotensialet til seks kommunar rundt Ålesund.

 
Ny rapport: Når ein vidaregåande skule blir borte. Konsekvensar for lokalsamfunna.
(18.02.2013)

Verknader av slike prosessar må knytast til konkrete tilfelle av nedlegging. I Nord-Noreg og Oppland viser undersøkinga mellom anna at nedlegging av vidaregåande skular kan svekke lokal identitet ved at ungdommen flyttar på hybel og kompetansearbeidsplassar forsvinn.

 
Reportasje om Ekstremsportprosjektet i Sunnmørsposten
(17.01.2013)

Ekstremsport som ledd i bygde- og næringsutvikling slått stort opp i Sunnmørsposten.

 
Rapport om «Inn på tunet» presentert for fem departement
(15.01.2013)

I arbeidet med å lage ein nasjonal handlingsplan for «Inn på tunet» vart Møreforsking invitert til å presentere rapporten «Inn på tunet i kommunal tenesteproduksjon». Rapporten frå Møreforsking er den første som analyserar kommunane sin ståstad i forhold til dette tenestetilbodet.

 
Klimaplan ga millionsparing
(14.01.2013)

I 2009 vart kommunane pålagde å lage energiplanar. Dei sju kommunane på Søre Sunnmøre, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda, saman med Hornindal gjekk i lag om felles utarbeiding av klimaplanar. Enova støtta samarbeidet og Møreforsking Volda hadde prosjektleiinga.

 
Innbyding til Fjordkonferansen 20. og 21. juni 2013
(09.01.2013)

Høgskulane og andre forskingsmiljø i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal går saman om Fjordkonferansen 20. og 21. juni 2013.

 
Møreforsking startar stort prosjekt om arbeidsinnvandring til Vestlandet
(08.01.2013)

Møreforsking og fem andre institusjonar startar no eit prosjekt som skal gi grunnleggjande kunnskap om arbeidsinnvandring til Vestlandet.

 
Ny rapport: Ekstremsport, business og bulyst
(18.12.2012)

Ekstremsportarrangement kan bidra til at fleire vil bu på Vestlandet, utvikle reiseliv og nye verksemder. Men statusen som ekstremsportfestival kompliserer samarbeid som kan utvikle både festivalen og regionen.

 
Konsekvensar for lokalsamfunn ved nedlegging av vidaregåande skular
(10.12.2012)

Møreforsking skal på oppdrag frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune gjennomføre ei fagleg vurdering av konsekvensar nedlegging av vidaregåande skular kan få for lokalsamfunna.

 
Ny rapport: «Inn på tunet» - kvalitet og skreddarsaum i kommunale tenester
(06.12.2012)

Kommunane treng tilpassa tenestetilbod. Behovet for «ut av boksen-tenking» aukar i takt med at fleire oppgåver skal løysast med færre ressursar. Inn på tunet kan vere ein del av løysinga.

 
Interkommunal el-bilsatsing på Søre Sunnmøre
(20.11.2012)

Herøy, Ulstein, Ørsta og Volda vil gå saman for å bytte ut fossilt med fornybart brensel.

 
Familie viktigst for de som velger å bo på bygda
(19.11.2012)

Gro Marit Grimsrud ved Møreforsking Volda disputerte i Bergen på fredag 16. november 2012. Doktorgradsavhandlingen tar for seg flytting mellom by og land i Norge.

 
Meir aktivitet i Eiksund
(19.11.2012)

Etter å ha blitt knytt til fastlandet gjennom tunnelen ynskjer Eiksund å skape meir aktivitet i bygda.

 
Klimaopptatte sunnmøringar
(15.11.2012)

Kommunane på Søre Sunnmøre er på god veg til å kutte 15 % av energiforbruket sitt. På den regionale klimaplankonferansen i Molde presenterte Møreforsking og Ørsta kommune oppløftande tendensar.


 
Ny rapport: Utviklingstrekk på Indre Nordmøre
(02.11.2012)

Samarbeid, infrastruktur og vilje til nyskaping er viktige faktorar for at Indre Nordmøre skal utvikle seg og stoppe fråflyttinga.

 
Fjordkonferansen - ein felles fagleg møteplass for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal
(24.10.2012)

Fjordkonferansen er eit fellestiltak for forskings- og utdanningsmiljøa i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Første konferanse skal vere på Alexandra hotell i Loen 20. - 21. juni 2013.

 
Effektar av Eiksundsambandet og Kvivsvegen
(22.10.2012)

Møreforsking set søkelyset på utvikling og endringar på Søre Sunnmøre som følgje av dei nye vegsambanda.

 
Kampen om kompetansen
(19.10.2012)

Regionalt næringsliv slit med å trekke til seg kompetanse. På RIP konferansen i Portugal førre veke presenterte Møreforsking Volda eit prosjekt om korleis distrikta kan trekke fleire folk.

 
Møreforsking er på Facebook og Twitter!
(18.10.2012)

Vi kjem til å oppdatere Facebook- og Twittersida vår med informasjon om publikasjonar, seminar, konferansar og andre hendingar ved Møreforsking i Volda og Ålesund.

 
Nye medarbeidarar ved Møreforsking Volda
(03.10.2012)

Møreforsking Volda har fått nye medarbeidarar. Margrethe Eikrem Aarset, Anne Natvig og Gro Marit Grimsrud har i haust byrja som forskarar ved Møreforsking Volda.

 
FoU-prisen 2012 ved Høgskulen i Volda til professor Jørgen Amdam
(19.09.2012)

Professor Jørgen Amdam vart tildelt Forskings- og utviklingsprisen for 2012. Amdam vart tildelt prisen for sin svært store forskingsinnsats gjennom fleire år, på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå.

 
Innvandrarar som ny ressurs i offentleg sektor
(04.09.2012)

Kronikken Innvandrere som ny ressurs i offentlig sektor av forskar Marte Hanche-Olsen, Møreforsking Volda, vart nyleg publisert i Sunnmørsposten.

 
Båtevik og Yttredal med artikkel i Norsk Geografisk Tidsskrift
(29.08.2012)

Forskarane Finn Ove Båtevik og Else Ragni Yttredal ved Møreforsking Volda har nyleg fått publisert artikkelen "Continuity and change in path-dependent regional policy development: The regional implementation of the Norwegian VRI programme" i Norsk Geografisk Tidsskrift.

 
"Kven kan spare mest?" - Små tiltak gjev stor effekt
(19.06.2012)

Enøk- konkurransen “Kven kan spare mest?” er avslutta, og resultatet frå alle klassane er klart. 300 elevar frå 15 klassar har gjort ein kjempeflott innsats for miljøet og for å spare energi. Alle som har delteke har også bidrege til at Enøk har fått meir fokus blant folk flest, og vi trur også at denne uhøgtidlege konkurransen har vist at sjølv små sparetiltak som kvar og ein av oss kan gjere utan “dramatiske” omleggingar, har effekt.

 
Forsker fram bedre tjenester
(15.06.2012)

Randi Bergem, Møreforsking Volda, og Kari Backmann, Møreforsking Molde, er to nye kompetansemeklere i Møre og Romsdal som skal hjelpe kommuner og helseforetak til å forbedre tjenestene til publikum.

 
RISS 2012 - Om regional vekstkraft
(12.06.2012)

Gjennom ei samling fagartiklar set RISS 2012 søkjelys på tema og problemstillingar som har betyding for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. Magasinet er utarbeidd av Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Møreforsking AS.

 
Ekstremsport som grunnlag for reiselivsutvikling og busetnad
(16.05.2012)

Prosjektet Ekstremsport som grunnlag for reiselivsutvikling og busetnad har etablert eit tett samarbeid med sentrale aktørar innan ekstremsport på Vestlandet.

 
Forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor - Møreforsking Volda med fleire søknader til Regionalt Forskingsfond Midt-Norge
(03.05.2012)

Møreforsking Volda har den seinare tida arbeidd med søknader retta mot forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor.

 
Kven klarar å spare mest?
(23.04.2012)

Ein uhøgtidleg konkurranse i fem veker mellom 6. klassane på Søre Sunnmøre og i Hornindal om kven som klarar å spare mest energi og har dei beste tipsa til korleis bli betre på Enøk.

 
Kva skal eg bli? Evaluering av Karrieredagane i Møre og Romsdal
(28.03.2012)

Karrieredagane er eitt av fleire karriererettleiingstiltak retta mot ungdom i fylket. I samband med Karrieredagane er det arrangement i fire regionar, som er Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre.

 
Praksisstudent ved Møreforsking Volda
(05.03.2012)

HVO-student Håvard Langnes (20) frå Ålesund har praksisopphald ved Møreforsking Volda våren 2012.

 
Ny rapport: Utvikling av fremtidig kommunalt fritidstilbud i Ålesund kommune
(10.02.2012)

Som del av Prosjekt Arena og Aktivitet har Møreforsking Volda utredet fremtidig fritidstilbud til ungdom i Ålesund kommune.

 
Kortreist mat på fleire fat?
(06.02.2012)

Satsing på kortreist mat gir konkurransefortrinn gjennom at hotella skil seg ut, gir faglege utfordringar på kjøkkenet og betre utnytting av eigen kapasitet. Møreforsking Volda har med finansiering frå Regionalt Forskingsfond Midt-Norge og Innovasjon Norge sett nærare på korleis reiselivsnæringa går fram for å kunne tilby kortreist og lokal mat.

 
Ny rapport: Fundamentet er lagt. Evaluering av Boligsosialt utviklingsprogram. Delrapport 2011
(30.01.2012)

For å betre samhandlinga til Husbanken med kommunane og å betre vilkåra for vanskelegstilte på bustadmarknaden, har Husbanken Region Øst sett i verk Boligsosialt utviklingsprogram.

 
Ny rapport: Ørsta, regionen og Eiksundsambandet
(20.01.2012)

Rapporten Ørsta, regionen og Eiksundsambandet, er ei kartlegging og strategisk analyse der ein ser på situasjonen i Eiksund-regionen generelt og Ørsta spesielt.

 
Boligsosialt arbeid og planlegging II
(19.01.2012)

Kompetanseutviklingsprogram for Boligsosialt arbeid og planlegging vart gjennomført på oppdrag frå Husbanken, Region Midt-Norge. Notatet er ein oppsummering av arbeidet Møreforsking Volda har gjennomført i prosjektet saman med Husbanken, Region Midt-Norge og kommunane Molde, Steinkjer, Stjørdal og Levanger.

 
"Inn på tunet" i kommunal tenesteproduksjon - Vestlandsfylka støttar prosjektet
(03.01.2012)

Samarbeid mellom Møreforsking Volda, Høgskolen i Bergen og Høgskolen i Molde om å gjennomføre studie av “Inn på tunet”- konseptet i dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

 
"Når vegen skaper ein ny region" - Båtevik med innlegg under fagseminar om ferjefri E39
(30.11.2011)

Statens vegvesen og Vegdirektoratet arrangerte fredag 25.11.2011 fagseminaret "Samfunnsvirkninger av infrastruktur" om ferjefri E39. Fagseminaret vart arrangert på Gardermoen.

 
Ny rapport: Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet
(28.10.2011)

Møreforsking Volda - i samarbeid med ideas2evidence - har nyleg gjennomført ei utgreiing av dei regionale aktørane på Vestlandet sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling. Oppdragsgjevar har vore Distriktssenteret.

 
Kva skjer med Sunnmøre? Vellukka seminar i Volda i samband med Forskingsdagane 2011.
(29.09.2011)

Under "Møreforskingdagen" den 28. september 2011 vart fleire ulike problemstillingar knytt til bu- og arbeidsmarknadsregionar i endring nærare presentert og diskutert. Forskarar frå Møreforsking Volda i lag med eksterne bidragsytarar deltok på seminaret.

 
Møreforsking Volda aktivt med i Klimaseminaret under Forskingsdagane 2011.
(29.09.2011)

I samarbeid med Høgskulen i Volda arrangerte Møreforsking Volda og Energiråd AS klimaseminar 26. september i samband med Forskingsdagane 2011. Fokuset denne dagen var på ENØK-tiltak i vid forstand. Møreforsking Volda si aktive deltaking i seminaret var knytt til arbeidet med prosjektet Klimakutt Møre - iverksetting av klimaplanar på Søre Sunnmøre.

 
Yttredal med artikkel i Regionale trender
(23.08.2011)

Forskar Else Ragni Yttredal ved Møreforsking Volda har fått publisert artikkelen Forankring av regionale utviklingstiltak - hva er det? i tidsskriftet Regionale trender nr. 1/2011.

 
På Nebo Bjerg? Vellukka seminar i Ulsteinvik om høgt utdanna utlendingar i den maritime klynga.
(18.08.2011)

Maritimt Forum Nordvest, Mafoss og Møreforsking arrangerte onsdag 17. august 2011 eit felles seminar i Ulsteinvik om korleis høgt utdanna innvandrarar opplever møtet med den maritime klynga og med Sunnmøre.

 
Regionale aktørar sitt arbeid med bygde-og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet
(04.07.2011)

Møreforsking Volda, i samarbeid med ideas2evidence, har fått oppdrag frå Distriktssenteret med å utgreie dei regionale aktørane på Vestlandet sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling.

 
"Inn på tunet" - i kommunal tenesteproduksjon - frå prosjekt til drift
(01.07.2011)

Møreforsking Volda har fått løyvd støtte frå Regionalt Forskingsfond Vestlandet til eit forprosjekt som skal sjå på implementering av "Inn på tunet" - konseptet i kommunal tenesteproduksjon.

 
Møreforsking Volda engasjert i arbeidet med ny FoU-strategi for Møre og Romsdal
(10.06.2011)

Møre og Romsdal inngår i Regionale Forskningsfond Midt-Norge saman med Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag, og skal ha ein ny strategi for forsking og utvikling klar frå 2012. Ny strategi skal handsamast i fylkestinget i desember 2011.

 
RISS 2011 – Samfunnstrekk i Møre og Romsdal
(24.05.2011)

Gjennom ei samling fagartiklar set RISS søkjelys på tema og problemstillingar som har betyding for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. Magasinet er utarbeida av Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Møreforsking AS. 2011-utgåva er no lagt fram.

 
Kommunesamanslåing Volda - Ørsta
(20.05.2011)

Møreforsking Volda og Telemarksforsking har i samarbeid sett på fordelar og ulemper ved ei kommunesamanslåing av Volda og Ørsta kommunar. Områda samfunnsutvikling, økonomi, tenesteleveranse og strategisk fusjonsprosess er omfatta av utgreiingsrapporten.

 
Kulturpendling i Møre og Romsdal
(11.05.2011)

Studien Kultur- og fritidstilbod for alle – om kulturpendlarar, fritidspendlarar og andre kulturbrukarar i Møre og Romsdal er ei kartlegging av bruken av ulike kultur- og fritidstilbod blant vaksne i Møre og Romsdal. Ein del merkesteinar blir trekte fram, men målet har først og fremst vore å fange mykje av den breidda av aktivitet som skjer i fylket i løpet av eit år.

 
Kompetansebehov i den marine næringen i Møre og Romsdal
(03.05.2011)

Studien Kompetanse- og arbeidskraftbehov i den marine næringen i Møre og Romsdal kartlegger faktisk kompetansebehov og ønsker om tilgang til kvalifisert arbeidskraft i marin næring. Studien er også en kartlegging av de forventninger næringen har til utdanningssystemet i Møre og Romsdal.

 
Kortreist mat på fleire fat
(22.02.2011)

På kva måte går reiselivsnæringa fram for å kunne tilby kortreist og lokal mat til sine gjester.

 
Kommunesamanslåing Volda - Ørsta
(21.02.2011)

På oppdrag frå Volda og Ørsta kommunar skal Møreforsking i samarbeid med Telemarksforsking gjennomføre ei utgreiing av ei eventuell kommunesamanslåing av dei to kommunane.

 
Bra gjennomslag
(31.01.2011)

Det regionale forskingsfondet for Midt-Norge har nå besluttet fordelingen av til sammen 41 millioner kroner til styrking av forskningsinnsatsen i Midt-Norge. Møreforsking deltar i 8 av de prosjektene som har fått tilsagn fra fondet.

 
Gunnar Stave nestleiar i NOKUT
(24.01.2011)

Kunnskapsdepartementet har oppnemnt nye representantar til styret for Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, NOKUT, frå og med januar 2011. Førsteamanuensis Gunnar Stave er vald inn som nestleiar. Stave er tidligare rektor ved Høgskulen i Volda og er no avdelingsleiar ved Møreforsking Volda.

 
Samhandling mellom kommuner og private helseforetak i forebyggende og kompetansekrevende funksjoner
(24.01.2011)

Møreforsking Volda har nå avsluttet forprosjektet om samhandling mellom kommuner og private helseforetak i forebyggende og kompetansekrevende funksjoner. Forprosjektet er gjort i samarbeid med Muritunet AS.

 
Bygdeutvikling er risikosport
(14.12.2010)

"Evig eies kun et dårlig rykte". Bygdesamfunn som klarar seg godt, har mange uredde entreprenørar. Dette er ein av konklusjonane til forskar Geirmund Dvergsdal ved Møreforsking Volda. Dvergsdal har publisert ein kronikk i forskning.no. Kronikken har utgangspunkt i ei masteroppgåve ved Høgskulen i Volda i 2010.

 
Klimakutt Møre: iverksetting av lokale klimaplanar på Søre Sunnmøre
(13.12.2010)

Det interkommunale samarbeidet omkring klimaarbeid i kommunane held fram med oppstartssamling 26. januar.

 
Bestått forskerutdanningskurs til PhD-graden
(02.12.2010)

Forsker ved Møreforsking Volda, Marte Hanche-Dalseth, har bestått forskerutdanningskurs på 15 studiepoeng til PhD-graden i Vitenskapsteori med etikk.

 
"Dei nye hendene" - Offentleg sektor sitt møte med arbeidsinnvandrarar
(18.10.2010)

Møreforsking Volda er tildelt prosjektstøtte frå Regionalt Forskningsfond (RFF), Region Vestlandet, til gjennomføring av forprosjektet "Dei nye hendene" - Offentleg sektor sitt møte med arbeidsinnvandrarar.

 
Forskingsdagane 2010 - Vellukka seminar om samfunnstrekk i Møre og Romsdal
(13.10.2010)

Torsdag 30. september sette forskarar ved Møreforsking Volda søkelys på viktige trekk ved samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal.

 
Nye medarbeidarar ved Møreforsking Volda
(11.10.2010)

Møreforsking Volda har fått nye medarbeidarar. Geirmund Dvergsdal og Erlend Krumsvik har i oktober byrja som forskarar ved Møreforsking Volda.

 
Butikken som bygdeutviklar
(22.09.2010)

I artikkelen ”Butikken som bygdeutviklar” ser forskarane Finn Ove Båtevik og Unni Aarflot på kva rolle butikken og butikkdrivarane kan ha i små samfunn, ut over det å gi tilgang til det daglege brød.

 
RISS - Om viktige samfunnstrekk i Møre og Romsdal
(01.09.2010)

RISS er ein ny publikasjon frå Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeidd i samarbeid med Møreforsking Volda. Gjennom fagartiklar kastar RISS lys over tema og problemstillingar som er avgjerande for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. RISS utfyller det årlege konjunkturbarometeret TEMP, som har fokus på utviklingstrekk i næringslivet, og FYLKESSTATISTIKK, som er ein publikasjon som samlar statistikk og trendar ved utviklinga i Møre og Romsdal på ei rekkje samfunnsområde.

 
Sjølvsagt les og skriv vi nynorsk !
(25.08.2010)

Prosjektet "Sjølvsagt les og skriv vi nynorsk" vart gjennomført ved Volda Ungdomsskule i perioden hausten 2007- våren 2010.

 
Rekrutteringsutfordringer til fiskeflåten
(23.06.2010)

Mange av de som er offiserer i fiskeflåten opplever at de har et spennende og variert yrke. Likevel står næringen overfor utfordringer i forhold til rekruttering av nye offiserer. Møreforsking har på oppdrag fra Sett Sjøbein undersøkt hva som er avgjørende når offiserskadetter velger arbeidsplass etter endt fagskoleutdanning. Samtidig er det gjennomført en kartlegging av rekrutteringsstrategier i fiskebåt- og supplybåtrederier. Undersøkelsen omfatter ni fiskebåtrederier, fire supplybåtrederier og 32 ferdig utdannede personer, og er initiert av Fiskebåtredernes Forbund.

 
Rekruttering til fiskeflåten
(18.02.2010)

Fiskeflåten reduseres, samtidig som båtene blir større og krever mer sertifisert personell i nøkkelposisjoner ombord. Konkurransen mellom virksomheter i næringen om kompetent arbeidskraft, og særlig nøkkelstillinger som er sertifikatpliktige, forventes å øke ytterligere i årene som kommer. Når det gjelder de marine og maritime fagene har mange med fagbrev gått videre og tatt maritim utdanning med sikte på å bli offiser. Utsagn fra fagskoler og høgskoler gir grunn til å anta at svært mange av elevene som har bakgrunn fra fiskeflåten, fanges opp av konkurrerende virksomhet, i hovedsak oljerelatert virksomhet.

 
Fleire offiserar til fiskeflåten?
(29.12.2009)

Fiskeflåten opplever store utfordringar med å rekruttere og halde på arbeidskraft, ikkje minst offiserar. Behovet for sertifisert personell er aukande i næringa, sjølv om tal einingar i flåten har vore minkande. Fiskebåtrederenes Forbund har på bakgrunn av dette teke initiativ til eit forprosjekt der ein ser nærare på utfordringane knytt til det å sikre fiskerinæringa tilgang på kompetent arbeidskraft. Oppdragsgivar for arbeidet er ”Sett Sjøbein”. Møreforsking Marin og Møreforsking Volda vil samarbeide om gjennomføringa av prosjektet. Øyvind Herse (Møreforsking Marin) og Finn Ove Båtevik (Møreforsking Volda) vil vere prosjektleiarar.

 
Ordning for reduksjon av lokale klimautslipp presentert på klimatoppmøtet i København
(13.12.2009)

Et forslag fra KS om en ordning for statlige kjøp av lokale klimakutt har vakt interesse i internasjonal kommunesektor. Ordningen ble presentert på et seminar som KS arrangerte på klimatoppmøtet i København den 8.desember. Kommunene har en viktig rolle når resultatene av København-prosessen skal gjøres om til praktiske klimatiltak, fastslo statsråd og Norges forhandlingsleder Hanne Bjurstrøm på seminaret.

 
Kompetanseutvikling i Boligsosialt arbeid og planlegging
(30.11.2009)

17. og 18. november gjennomførte Møreforsking den første av i alt fem samlingar i programmet Boligsosialt arbeid og planlegging i Stjørdal. Programmet er utvikla for Husbanken region Midt, og vert gjennomført i samarbeid med fem kommunar i Møre og Romsdal og Trøndelag, i tillegg til Husbanken sjølv.

 
Reduserte klimautslipp gjennom lokale klimatiltak
(18.11.2009)

En stor del av tiltakene som må til for å oppfylle Norges internasjonale forpliktelser om reduksjoner i klimagassutslipp vil måtte gjennomføres innenlands. En utredning fra Civitas og Møreforsking anbefaler at staten kjøper lokale klimatiltak gjennom kommunene.

 
Butikken - den gløymde bygdeutviklar?
(29.09.2009)

Den rolla butikken kan ha i bygdeutviklingsarbeid var eitt av tema som var teke opp under konferansen "Lokal vekstkraft utviklar bygda"

 
Møreforskarar i internasjonalt bokprosjekt
(17.09.2009)

Forskarar frå 11 land deltek i bokprosjektet ”New modes of governance in environmental and natural resource policy. Analytical perspectives and empirical insights.”

 
Verdsarvstudium på reise
(17.09.2009)

I over to veker har studentar ved verdsarvstudiet ved Høgskulen i Volda vore på reise innover Storfjorden til Geiranger.

 
Nasjonalt fond for lokale klimatiltak
(07.09.2009)

For at Norge skal oppfylle sine internasjonale forpliktelser om utslippsreduksjoner, samt nå egne klimamål, er det behov for en rekke nye klimatiltak. En vesentlig del av slike tiltak vil ha størst effekt hvis de iverksettes og gjennomføres lokalt. Hovedstyret i KS har fremmet forslag til et nytt nasjonalt fond for klimatiltak. Forslaget er basert på en utredning i regi av Civitas og Møreforsking.

 
Foredrag frå Møreforsking Volda på bustadsosiale nettverkssamlingar
(06.09.2009)

Møre og Romsdal fylke og Husbanken Midt-Norge arrangerte 26. og 27. august 2009 bustadsosial nettverkssamling i Ulsteinvik og Molde. Nettverkssamlinga er ein arena for kunnskapsutveksling for kommunale aktørar. Møreforsking Volda leverte våren 2009 rapport om busetting av flyktningar i kommunane, og presenterte hovudtrekk frå rapporten på dei to samlingane i fylket.

 
Boligsosialt arbeid og planlegging
(25.08.2009)

Møreforsking har laget et program for kompetanse- og metodeutvikling for arbeid med boligsosiale handlingsplaner. Programmet gjennomføres i fem kommuner i Romsdal og i Trøndelag, og i samarbeid med Husbanken Region Midt-Norge. Målet er å gjennomføre planprosesser som i større grad enn tidligere sikrer iverksetting av slike planer.

 
Lite attraktivt for flyktninger
(11.08.2009)

Møre og Romsdal har høy sekundærflytting av flyktninger samtidig som arbeidsmarkedet er relativt bra. "Hva er det med Møre og Romsdal som gjør at flyktninger ikke vil bo her?", spør Marte Hanche-Dalseth i en kronikk på Forskning.no

 
Eit godt første driftsår
(15.07.2009)

Året 2008 var Møreforsking sitt første driftsår etter at vi endra organisering frå stiftelse til aksjeselskap. Møreforsking vaks med 25% i omsetning og 15% bemanning i 2008. Dette skuldast eit høgt aktivitetsnviå og god tilgang på oppdrag, særleg i frå næringslivet.

 
Kommunenettverk styrker evne til miljø- og samfunnsutvikling
(03.07.2009)

Nettverksarbeid har ført til økt kompetanse i kommunene. Samtidig er manglende administrativ kapasitet en svært viktig hindring i kommunenes arbeid med miljø og samfunnsutvikling.

 
Flyktningar og medverknad i bustadsosialt arbeid og bustadsosial planlegging
(24.06.2009)

Møreforsking Volda har fått midlar til eit metodeutviklingsprosjekt, der bustadsosialt arbeid og medverknad blant flyktningar er tema. Føremålet med prosjektet er å utvikle strategiar for flyktningar sin medverknad i bustadsosialt arbeid.

 
Busetjing av flyktningar i kommunane
(09.06.2009)

Busetjing av flyktningar i kommunane er viktig arbeid. Arbeidet inneber mange utfordringar, som det å finne bustader som eignar seg, kunne gje burettleiing og arbeide tverrfagleg om bustadsosialt arbeid og planlegging. Møreforsking Volda har sett nærare på busetjing av flyktningar i kommunar i Møre og Romsdal.

 
Levekår i Kristiansund
(29.05.2009)

Kristiansund har sett i gang eit langsiktig arbeid for å betre levekåra i kommunen. Det er sett ned ei eiga arbeidsgruppe for å sjå nærare på desse spørsmåla. Som ei hjelp i arbeidet skal Møreforsking gjennomføre eit eige forprosjektet der ein ser nærare på levekåra i kommunen.

 
Klimaplanprosjektet er avslutta
(25.05.2009)

Etter to års arbeid er Klimaplanprosjektet avslutta. Gjennom prosjektet har fleire aktørar samarbeidd om eit konsept for interkommunalt klimaplanarbeid, og ni kommunar på Søre Sunnmøre og Nordfjord har fått utarbeidd kommunedelplan for klima.

 
Arbeidskraftbehov i Møre og Romsdal
(20.05.2009)

Arbeidet med å sikre rekruttering og busetjing har høg prioritert frå Møre og Romsdal fylke. "Move to MoRe" er eit 3-årig prosjekt som skal koordinere og styrkje arbeidet med rekruttering og tilflytting.

 
Vellukka avsluttande samling i klimaplanprosjektet
(24.04.2009)

I vel eitt år har ni kommunar på Søre Sunnmøre og i Nordfjord saman utvika lokale klimaplanar. 22. april vart det siste seminaret i prosjektet arrangert i Volda. Her retta vi fokus mot arbeidet kommunane no står overfor; å sette tiltaka frå planane ut i livet.

 
Nytt prosjekt om klimafond
(02.04.2009)

Møreforsking har i samarbeid med Civitas AS fått i oppdrag frå KS å greie ut behovet og innretninga på eit nasjonalt fond for lokale klimatiltak i lys av erfaringar med det svenske fondet Klimp, men tilpasset norske forhold.

 
Samarbeider om forsking kring innovasjon
(30.03.2009)

Dei fire vestlandsfylka, ved forskingsinstitutta Vestlandsforsking, SNF, IRIS og Møreforsking, har foreina krefter i eit nytt forskingsprosjekt støtta av Forskingsrådet. Prosjektet ser nærare på spørsmålet: Er det mogleg å styre innovasjon?

 
Bustadsosial planlegging
(16.03.2009)

Bustadsosial planlegging er eit satsingsfelt for Husbanken. Mellom anna er det fokus på korleis kommunane kan arbeide for å få gode bustadsosiale handlingsplanar.

 
Klimakampen 2009 er avslutta
(12.02.2009)

Vinnarane i Klimakampen 2009 er kåra! Etter "photo-finish" gjekk Bergslia og Hauemarkja barnahagar av med sigeren.

 
Møreforsking-prosjekt med nasjonal interesse
(12.02.2009)

Møreforsking Volda sitt prosjekt om rekruttering til Stranda vidaregåande skule og spekematprodusentane på Stranda har vakt interesse utanfor fylket sine grenser.

 
Nesten alle veger fører....
(06.02.2009)

.... til betre forvaltning

Ny rapport: Møreforsking har samanlikna ulike måtar å betre behandlinga av søknader knytt til akvakultur. Av undersøkinga ser det ut til at samordning er vegen å gå, men gjennom innføring av den nye forvaltningsreforma vert i staden eit nytt ledd i saksbehandlinga innført – fylkeskommunen.

 
Folkemøte om klimaplan
(27.01.2009)

I Klimaplanprosjektet skal vi gjennomføre til saman seks folkemøte, og er no komne halvvegs.

 
Barnehagane konkurrerer
(14.01.2009)

I samband med sluttføringa av klimaplanar for ni kommunar på Sunnmøre og i Nordfjord blir det no arbeidd for å skape engasjement kring planane og miljøarbeid generelt.

 
Møreforsking Volda i media
(13.01.2009)

Rett før jul i 2008 avslutta Møreforsking Volda rapporten "To speke or not to speke". Oppdragsgjevarane var spekematprodusentane Tind spekevarer, Ole Ringdal as, Stranda Spekemat, Stranda kommune og Matfag ved Stranda vidaregåande skule.

 

Følg oss på TwitterFølg oss på Facebook