• Regionalforsking
  • Om MF Volda
  • Prosjekt
  • Publikasjonar
  • Tilsette
  • Tilknytte fapersonar
  • Kontakt oss
  • Nyheiter
  • Nyheitsarkiv

Flyktningar og medverknad i bustadsosialt arbeid og bustadsosial planlegging

(24.06.2009)

Møreforsking Volda har fått midlar til eit metodeutviklingsprosjekt, der bustadsosialt arbeid og medverknad blant flyktningar er tema. Føremålet med prosjektet er å utvikle strategiar for flyktningar sin medverknad i bustadsosialt arbeid.

 
Idèen er at flyktningane si deltaking vil gje kommunane kunnskap og kompetanse, som igjen kan bidra til å styrke levekår og velferd hos flyktningar. Strategiane skal mellom anna utviklast gjennom dialogmøte, der tilsette i èin kommune, eit utval flyktningar frå same kommunen og Møreforsking er aktørar. Metodeutviklingsprosjektet eit forprosjekt som skal munne ut i eit pilotprosjekt, der intensjonen er å prøve ut medverknadsstrategiane som er utvikla i forprosjektet.
 
Husbanken, Region Midt-Norge finansierer forprosjektet, som skal avsluttast 1. november 2009. Randi Bergem er prosjektleiar, Marte Hanche-Dalseth og Susanne Moen Ouff er prosjektmedarbeidarar.
 


Følg oss på TwitterFølg oss på Facebook