• Regionalforsking
  • Om MF Volda
  • Prosjekt
  • Publikasjonar
  • Tilsette
  • Tilknytte fapersonar
  • Kontakt oss
  • Nyheiter
  • Nyheitsarkiv

RISS - Om viktige samfunnstrekk i Møre og Romsdal

(01.09.2010)

RISS er ein ny publikasjon frå Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeidd i samarbeid med Møreforsking Volda. Gjennom fagartiklar kastar RISS lys over tema og problemstillingar som er avgjerande for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. RISS utfyller det årlege konjunkturbarometeret TEMP, som har fokus på utviklingstrekk i næringslivet, og FYLKESSTATISTIKK, som er ein publikasjon som samlar statistikk og trendar ved utviklinga i Møre og Romsdal på ei rekkje samfunnsområde.

 
Det første nummeret av RISS inneheld sju ulike artiklar om tema som kompetanse, folketalsutvikling, born og ungdom, folkehelse, likestilling og strandsoneproblematikk. Forskarar ved Møreforsking Volda har bidrege med tre ulike artiklar:
 
Kampen om kompetansen: Artikkelen byggjer på ein studie av arbeidskraftbehovet i Møre og Romsdal, som Møreforsking gjennomførde hausten 2009. I alt 105 private og offentlege verksemder deltok. Studien viser at behovet for arbeidskraft i Møre og Romsdal er i endring, og at det skjer i ei markert vridning mot auka etterspørsel etter arbeidskraft med høg utdanning. Dette vil gje ein skjerpa konkurranse om slik arbeidskraft, og representerer store utfordringar for mange bedrifter og offentlege etatar i Møre og Romsdal. Forfattarar er Finn Ove Båtevik og Geir Tangen.
 
God helse kan planleggjast: God samfunnsplanlegging og god kommuneplanlegging er ein nøkkel til god folkehelse. Gjennom å kople saman fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle element på ein heilskapleg måte kan kommunane gjennom sitt planarbeid drive viktig førebyggjande folkehelsearbeid. Prosjektet "Helse i plan" er eit av fleire tiltak som Helsedirektoratet har sett i verk for å fremje folkehelsearbeidet i kommunar og fylkeskommunar, der 6 kommunar i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune har delteke. Artikkelen, som er laga av Randi Bergem og Susanne Moen Ouff, drøftar erfaringane med folkehelsetiltak gjennom kommuneplanarbeidet.
 
Likestilling - utfordringar og mulegheiter:  Møre og Romsdal har over tid gjennomgåande kome dårleg ut i SSB sine målingar av likestilling. I den nye likestillingsindeksen som SSB lanserte i 2009, hamna heile 21 av dei 38 kommunane i Møre og Romsdal i gruppa med låg grad av likestilling. Viktige årsaker til dette er knytt til ein kjønnssegregert næringsstruktur, lønnsforskjellar, og  ulikt omfang av deltidsarbeid. Artikkel, som er laga av Marte Hanche-Dalseth, diskuterer utfordringane som dette representerer i høve til ei bærekraftig regional utvikling.
 
Du kan laste ned den første utgåva av RISS her.
 


Følg oss på TwitterFølg oss på Facebook