• Regionalforsking
  • Om MF Volda
  • Prosjekt
  • Publikasjonar
  • Tilsette
  • Tilknytte fapersonar
  • Kontakt oss
  • Nyheiter
  • Nyheitsarkiv

Møreforsking Volda engasjert i arbeidet med ny FoU-strategi for Møre og Romsdal

(10.06.2011)

Møre og Romsdal inngår i Regionale Forskningsfond Midt-Norge saman med Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag, og skal ha ein ny strategi for forsking og utvikling klar frå 2012. Ny strategi skal handsamast i fylkestinget i desember 2011.

 
Prosessen fram mot politisk handsaming er delt i to fasar. Fase I skal munne ut i eit debatthefte/ utfordringsdokument som skal innehalde dei visjonære og langsiktige strategiane, i tillegg vere tydeleg på utfordringar for forsking og utvikling i Møre og Romsdal. I fase II skal strategien for dei neste fire åra utarbeidast, basert på innspel frå aktuelle aktørar og med utgangspunkt i utfordringane synleggjort i fase I. Møreforsking Volda har fått oppdraget med å gjennomføre fase I, som vil vere gjennomført innan 15. juli 2011.
 
Nærare informasjon om arbeidet med ny FoU-strategi for Møre og Romsdal ved Geirmund Dvergsdal og Grethe Mattland Olsen, Møreforsking Volda.
 
 
 


Følg oss på TwitterFølg oss på Facebook