VRI Møre og Romsdal skal gje auka innovasjon, kunnskapsutvikling og verdiskaping i marine og maritime næringar. Prosjektet er ei følgjeevaluering knytt til VRI-satsinga i Møre og Romsdal. Evalueringa skal gje oversikt over korleis VRI-satsinga i Møre og Romsdal fungerer, utfordringar undervegs og i kva grad det er behov for å gjøre endringar. Dette blir gjort gjennom utveksling av erfaringar mellom ulike delprosjekt og direkte tilbakemeldingar til deltakarane. Målet er å systematisere desse erfaringane for å utvikle nye arbeidsmodellar for innovasjonsfremmende regional samhandling.