• Velferdsforsking
  • Utdanning
  • Folkehelse
  • Inkludering
  • Om MF Volda
  • Prosjekt
  • Publikasjonar
  • Tilsette
  • Tilknytte fagpersonar
  • Kontakt oss
  • Nyheiter
 
AKTUELT :

Velferdsforsking

Folkehelse, inkludering og utdanning er hovudtema innanfor velferdsforskinga ved Møreforsking. Korleis planprosessar kan brukast for å medverke til inkludering, betre vilkår for folkehelse og gode opplæringsrammer, står sentralt i forskinga. Såleis er det nære koplingar mellom velferdsforskingsfeltet og det andre forskingsfeltet regional utvikling.
                      
Møreforsking arbeider både med forsking og utgreiing, og prosjekta er i stor grad (følgje)evalueringar av velferdsordningar, reformer og forsøksprosjekt. Oppdragsgjevarar er både nasjonale, regionale og lokale aktørar, i mange tilfelle departement, direktorat og kommunar. Resultata frå forskinga vil såleis ofte ligge til grunn for avgjerder både i forvaltninga og i politiske organ.
 
Velferdsforskinga har lang tradisjon i Møreforsking, og då særleg i fagmiljøet i Volda.  Faggrupper som er representerte i velferdsforskinga er mellom andre statsvitarar, sosiologar, samfunnsplanleggarar, geografar og pedagogar, og både kvalitative og kvantitative metodar vert brukte i forskinga. Mange av prosjekta vert gjennomførte i tett samarbeid med forskarar ved Høgskulen i Volda, særleg Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
 
Oversikt over prosjekt innan Velferdsforsking finn du her.
 

Følg oss på TwitterFølg oss på Facebook