• Velferdsforsking
  • Utdanning
  • Folkehelse
  • Inkludering
  • Om MF Volda
  • Prosjekt
  • Publikasjonar
  • Tilsette
  • Tilknytte fagpersonar
  • Kontakt oss
  • Nyheiter

Alle ombord?

Forskinga innan området Inkludering omhandlar prosessar og tiltak som fremjar eller hindrar marginalisering av ulike grupper i samfunnet.
 
Det har særleg vore fokus på tiltak og tilrettelegging for grupper med særskilte behov, som til dømes barn og unge, særvilkårselevar, menneske med psykiske lidingar, menneske med psykisk utviklingshemmingar og andre grupper med funksjonshemmingar. Ein føresetnad for inkludering er deltaking på sentrale samfunnsarenaer som skulen, arbeidsmarknaden og i det sivile samfunnslivet. Kvar av desse arenaene stiller på ulike vis krav til individa som skal delta. Marginalisering oppstår når individ som ikkje kan oppfylle desse krava vert ståande utanfor fellesskapet.
 
I prosjekta ved Møreforsking er det i stor grad fokusert på implementeringa av rettar desse gruppene har i følgje lovverket og korleis ein kan fremje inkludering i planprosessar. Brukarmedverknad, identitet og integrering i lokalsamfunn er sentrale tema i forskinga på dette feltet. 
 
Oversikt over prosjekt innan Inkludering finn du her.
 


Følg oss på TwitterFølg oss på Facebook