• Regionalforsking
  • Samfunnsplanlegging
  • Menneske-stad
  • Småskala næring
  • Om MF Volda
  • Prosjekt
  • Publikasjonar
  • Tilsette
  • Tilknytte fapersonar
  • Kontakt oss
  • Nyheiter
 
AKTUELT :

Regional utvikling

Samfunnsplanlegging, menneske–stad og småskala næringsutvikling er hovudtema innanfor regionalforskinga ved Møreforsking. Området femnar eit breitt spekter av tema, der både kartleggings-, utgreiings- og analysearbeid, evalueringar og støtte i utviklingsprosessar inngår.
 
Ein fellesnemnar for mange av prosjekta er likevel at det vert arbeidd med utgangspunkt i metoden, verdiforankringa og fagfeltet ”kommunikativ planlegging”. Det vil seie planlegging og samfunnsutvikling i brei forstand med vektlegging av heilskap, aktiv deltaking, diskurs, samordning, samarbeid og delegering.
 
Oppdragsgjevarar er i stor grad offentlege instansar på regionalt eller nasjonalt nivå, slike som fylkeskommunar, direktorat og departement. Lokale aktørar, som både kommunar og bedrifter, er andre aktuelle oppdragsgjevarar. Møreforsking arbeider også med prosjekt finansiert av Forskingsrådet innan dette feltet.
 
Forsking knytt til regional utvikling, har lang tradisjon i Møreforsking, særleg i fagmiljøet i Volda. Faggrupper som er representerte på feltet, er mellom andre statsvitarar, sosiologar, samfunnsplanleggarar og geografar. Mange av prosjekta vert gjennomførte i tett samarbeid med forskarar ved Høgskulen i Volda, særleg Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag.
 
Oversyn over prosjekt innan Regionalforsking finn du her.
 

Følg oss på TwitterFølg oss på Facebook