• Velferdsforsking
  • Om MF Volda
  • Prosjekt
  • Publikasjonar
  • Tilsette
  • Tilknytte fagpersonar
  • Kontakt oss
  • Nyheiter
  • Nyheiter arkiv

RISS 2012 - Om regional vekstkraft

(12.06.2012)

Gjennom ei samling fagartiklar set RISS 2012 søkjelys på tema og problemstillingar som har betyding for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. Magasinet er utarbeidd av Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Møreforsking AS.

 
RISS er ein viktig kanal for å formidle kunnskap om lange linjer i samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal, og ein håper at desse artiklane også kan skape debatt om viktige utfordringar og utviklingstrekk.
 
RISS utfyller det årlege konjunkturbarometeret TEMP og den årlege Fylkesstatistikken på ein fin måte. Frå Møreforsking AS si side er RISS ein fin kanal for å formidle litt lengre, samanhengjande analyser av grunnleggjande trekk ved samfunnsutviklinga, og Møreforsking AS set stor pris på det gode samarbeidet ein har hatt med Møre og Romsdal fylkeskommune om utgjevinga av RISS.
 
Forskarar ved Møreforsking AS har også i år medverka med fleire faglege artiklar:
 
Trenger sterke byer for å skape attraktive regioner
Direktør for Møreforsking AS, Roar Tobro, peikar i sin artikkel på kor viktig sterke byar er for å skape attraktive regionar. Han meiner dei tre Mørebyene er meir avhengige av omlandet enn tilfellet er for storbyregionane, og den vekstkrafta og dei vekstimpulsane som næringslivet i omlandskommunane kan bidra med.
 
Innvandrere som ny ressurs i offentlig sektor
Forskar Marte Hanche-Olsen ved Møreforsking Volda skriv om "Innvandrere som ny ressurs i offentlig sektor". "Den høye yrkesdeltakelsen blant innvandrere i fylket og positive holdninger blant offentlige ledere er gode fremtidstegn", meiner Hanche-Olsen.
 
Region i grenseland - Kvivsvegen skaper ny samhandling
Forskarane Geirmund Dvergsdal og Finn Ove Båtevik ved Møreforsking Volda, skriv om Kvivsvegen, og korleis dette samferdselsprosjektet genererer ny samhandling i ein region i grenseland.
 
Last ned RISS 2012 her:
 
 


Følg oss på TwitterFølg oss på Facebook