• Velferdsforsking
  • Om MF Volda
  • Prosjekt
  • Publikasjonar
  • Tilsette
  • Tilknytte fagpersonar
  • Kontakt oss
  • Nyheiter
  • Nyheiter arkiv

Bustadsosial planlegging

(16.03.2009)

Bustadsosial planlegging er eit satsingsfelt for Husbanken. Mellom anna er det fokus på korleis kommunane kan arbeide for å få gode bustadsosiale handlingsplanar.

 
Kommunikativ planlegging, der mange ulike aktørar medverkar i planprosessar, er ei føremålstenleg arbeidsform i bustadsosial planlegging. Møreforsking har medverka i eit dagsseminar, saman med utviklingsavdelinga i Husbanken region Midt-Norge, der tema nettopp var kommunikative planprosessar i det bustadsosiale arbeidet. Korleis kommunane kan arbeide med slike planar, og kva rolle Husbanken bør ha overfor kommunane, var sentrale spørsmål på seminaret. Temaet på seminaret er også svært relevant i prosjektet, som Møreforsking er i gang med, knytt til busetjing av flyktningar i kommunane.
 


Følg oss på TwitterFølg oss på Facebook