• Velferdsforsking
  • Om MF Volda
  • Prosjekt
  • Publikasjonar
  • Tilsette
  • Tilknytte fagpersonar
  • Kontakt oss
  • Nyheiter
  • Nyheiter arkiv

Busetjing av flyktningar i kommunane

(09.06.2009)

Busetjing av flyktningar i kommunane er viktig arbeid. Arbeidet inneber mange utfordringar, som det å finne bustader som eignar seg, kunne gje burettleiing og arbeide tverrfagleg om bustadsosialt arbeid og planlegging. Møreforsking Volda har sett nærare på busetjing av flyktningar i kommunar i Møre og Romsdal.

Målet med prosjektet Busetjing av flyktningar i kommunane, har vore å prøve å identifisere gode busetjingsstrategiar. Det er gjort gjennom å kartlegge korleis busetjingsarbeidet foregår, og å få belyst kva erfaringar og synspunkt tilsette i kommunane og flyktningar har når det gjeld busetjingsarbeidet. Prosjektet er finansiert av Husbanken, Region Midt-Norge.
 
Studien viser mellom anna at:
·         Kommunane har store utfordringar når det gjeld tilgang på bustader til busetjing av flyktningar
·         Kunnskapen om, organiseringa og bruken av Husbanken sine verkemidlar er svært variabel
·         I bustadspørsmål er rolla til flyktningkonsulenten til dels uklar
·         Samarbeidet mellom aktørar/etatar i kommunane, knytt til bustadsosiale spørsmål, er lite formalisert,
          og i mange tilfelle tilfeldig
·         Burettleiing blant flyktninger er ein kritisk faktor, som i liten grad vert prioritert i kommunane
·         Det er stort behov for rettleiing av flyktningar i spørsmål om eventuelt kjøp av bustad
·         Generelt god arbeidsmarknad i ein kommune/region, betyr ikkje nødvendigvis ein
          god arbeidsmarknad for flyktningar
·         Sosiale nettverk er den årsaka som flyktningane sjølve legg mest vekt på i tilknyting til
          spørsmålet om å bli buande i eller flytte frå ein kommune
·         Det er i liten grad fokus på medverknad frå flyktningar når det gjeld bustad og busetjing i kommunane
 
Med utgangspunkt i studien vert det gitt føljande tilrådingar:
·         Meir informasjon og fleire kurs frå Husbanken si side overfor kommunane
·         Kommunane bør i større grad fokusere på innovative eigarskapsmodellar, til
          dømes ”shared ownership”
·         Fleire kommunar bør ta i bruk modellar som ”Fra å leie til å eie”
·         Meir forsknings- og utviklingsarbeid retta mot behovet og muligheitene for nye
          tilskotsordninger og eigarskapsmodellar
·         Større fokus på å kombinere startlån og bustadtilskot
 
Du finn rapporten frå prosjektet her.
 


Følg oss på TwitterFølg oss på Facebook