Evaluering av Helse i plan og Partnerskap for folkehelse(07.05.2010)Møreforsking har no avslutta evalueringa av Helse i plan og Partnerskap for folkehelse. Evalueringa er gjennomført på vegner av Helsedirektoratet i perioden 2007 - 2010. Arbeidet er gjort i samarbeid med NIBR. Møreforsking har i samarbeid med NIBR evaluert fire verkemiddel i Helsedirektoratet sin folkehelsesatsing, i perioden 2007-2010. Resultat frå evaluering av tiltaka Kommunehelseprofiler og Tilskuddsordning for lavterskel fysisk aktivitet, vert presenterte i rapportar i 2008. Resultat frå evalueringa av Helse i plan og Partnerskap for folkehelse var rapportert i underveisrapportar frå NIBR og Møreforsking i 2009, og i sluttrapport i mars 2010.
Evalueringene viser at ein godt i gang med å forankre arbeidet med Helse i plan og Partnerskap for folkehelse i kommuneorganisasjonane. Aktørar i kommunane opplever både Partnerskap for folkehelse og Helse i plan som svært nyttige verkøty i det lokale folkehelsearbeidet. Dei rapporterar at arbeidet har gitt økt kompetanse i organisasjonen, betre tverrfagleg samarbeid, betre samarbeid på tvers av forvaltningsnivåa og ei økning i praktiske folkehelsetiltak lokalt. Også på fylkeskommunalt nivå opplever dei at tiltaka bidrar positivt i deira folkehelsearbeid. Likevel står kommunar, saman med fylkeskommunale og nasjonale myndigheiter overfor store utfordringar i arbeidet. Her er døme på utfordringar vi har peika spesielt på
Samtidig med sluttrapporten, har vi publisert ein oppsummerande rapport for tiltaka Kommunehelseprofilar, Helse i plan og Partnerskap for folkehelse. |
