• Velferdsforsking
  • Om MF Volda
  • Prosjekt
  • Publikasjonar
  • Tilsette
  • Tilknytte fagpersonar
  • Kontakt oss
  • Nyheiter
  • Nyheiter arkiv

Ny rapport: Fundamentet er lagt. Evaluering av Boligsosialt utviklingsprogram. Delrapport 2011

(30.01.2012)

For å betre samhandlinga til Husbanken med kommunane og å betre vilkåra for vanskelegstilte på bustadmarknaden, har Husbanken Region Øst sett i verk Boligsosialt utviklingsprogram.

 
Rapporten er den andre av i alt tre rapportar i ein følgjeevaluering av programmet. Kommunane har til no lagt ned mykje arbeid knytt til mobilisering, planlegging, organisering og kunnskapsoppbygging i programmet.
 
Dette har skapt eit godt fundament for det bustadsosiale arbeidet i kommunane i tida framover. Evalueringa viser samstundes at det tar tid før kommunane får gjennomført tiltak som direkte betrar tilhøva for vanskelegstilte på bustadmarknaden.
 
Oppdragsgjevar er Husbanken Region Øst.
 
Rapporten kan du laste ned her.
 
Nærare informasjon om prosjektet ved forskar Else Ragni Yttredal, Møreforsking Volda.
 


Følg oss på TwitterFølg oss på Facebook