• Regionalforsking
  • Om MF Volda
  • Prosjekt
  • Publikasjonar
  • 2014
  • 2013
  • 2012
  • Eldre publikasjonar
  • Tilsette
  • Tilknytte fapersonar
  • Kontakt oss
  • Nyheiter
Med utkantbutikken i sentrum. Evaluering av Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkane i regionane
Forfatter(e):Else Ragni Yttredal, Finn Ove Båtevik
Rapportnr:188
Publikasjonstype:Arbeidsrapport
Utgiver:Møreforsking
Årstall:2006
ISBN/ISSN:82-7692-250-3
Sidetall:76
Trykk:Elektronisk utgåve
Oppdragsgiver:Kommunal- og regionaldepartementet (KRD)
Prosjekt:Evaluering av merkantilt kompetanseprogram
Prosjektnr:1744
Nøkkelord:Lokalsamfunnsutvikling,  Nærbutikk,  Næringsutvikling,  Småsamfunn,  Distriktspolitikk,  Bygdeutvikling 
 
 
Last ned PDF
 

Denne evalueringa byggjer i første rekke på dei erfaringane 75 butikkdrivarar har gjort gjennom deltaking i Merkur-programmet. I tillegg er sentrale aktørar rundt butikkdrivarane, som representantar for kjedene, tilleggstenestene og kommunane, viktige informantar. Nedanfor presenterer vi funna i evalueringa i hovudtrekk, og våre vurderingar rundt desse.

• Eit stort fleirtal av butikkdrivarane er gjennomgåande positive til den oppfølginga dei får gjennom deltakinga i Merkur-programmet. Også tilbakemeldingane frå viktige aktørar rundt butikkane, er gjennomgåande positive. Dette må tolkast som eit sterkt tillitsvotum til det arbeidet som blir gjort i regi av Merkur-programmet.
• Nesten alle butikkane har fått eit breiare servicetilbod, gjennom vekst i tal tilleggstenester. Det betyr at utviklinga på dette området er snudd i forhold til både trend og analysar frå 1990-talet. Merkur har ei viktig rolle i utviklinga av slike tilleggstenester, ikkje minst blant sistebutikkane og dei minste butikkane.
• Butikkdrivarane opplever også at Merkur har ei viktig rolle i deira eige forhold til sentrale aktørar rundt butikken. Dette gjeld spesielt i samspelet mellom kjede og butikk, og mest av alt gjeld det dei minste butikkane.
• Merkur har ei viktig rolle i arbeidet med å involvere befolkning og lokalsamfunn i butikken. Dette gjeld særleg for dei minste butikkane og dei butikkane som har gjennomført opplæring i Merkur-regi etter at programmet har lagt større vekt på lokalsamfunnsperspektivet. Dette handlar ikkje nødvendigvis om eit breiare samfunnsarbeid. Kundeundersøkingane som Merkur har ansvar for, blir til dømes opplevd som eit viktig kontaktpunkt til befolkninga i bygda.
• Svært mange butikkdrivarar opplever at Merkur medverkar til å styrke grunnlaget for at deira eigen butikk skal overleve.
• Kundane i Merkur-butikkane vurderer butikken meir positivt etter at den har vore med i Merkur-systemet over tid. Ei analyse av eit utval av dei kundeundersøkingane Merkur sjølve har stått bak, gir eit slikt bilete.
• Noreg blir vurdert som eit føregangsland i forhold til arbeidet med å legge til rette for utkantbutikkar. Det kjem klart til uttrykk når Merkur-programmet blir vurdert frå Sverige.
• Merkur-programmet er svært viktig for motivasjonen til å drive butikk i utkantane. Studiar viser at trivsel og engasjement hjå butikkdrivaren er ein viktig nøkkel til suksess for slike butikkar. Gjennom Merkur-deltakinga har drivarane fått ein arena der dei kan få ny kunnskap og ikkje minst få kontakt med andre som opplever ein del av dei same utfordringane som dei sjølve møter i kvardagen. Dei sosiale sidene av programmet bør såleis ikkje underslåast.
 
 

Følg oss på TwitterFølg oss på Facebook