Ansatte

Gjennom mer enn 30 år med forskning har Møreforsking opparbeidet solid kompetanse på å forskningsoppdrag. Instituttet har 55 ansatte, som utfører forskning, utvikling, rådgivning og kunnskapsutvikling.

Liv Guri Velle

Liv Guri Velle er utdanna biolog med fordjuping i vegetasjonsøkologi. Velle har tatt PhD-grada si ved Universitetet i Bergen (2012), og cand.scient grada si ved Noregs Teknisk Naturvitskapelege universitet i Trondheim (2003).
 
Velle er forskingsleiar for gruppa som arbeider med marine- og kystnære økosystem. Ein sentral del av Velle si forsking skjer innanfor semi-naturlege naturtypar langs kysten av Noreg. Velle har forskingsinteresse innan økosystemfunksjonar og dynamikkar knytt til klima- og bruksendringar. Dette inkluderer arbeid med sårbare og trua naturtypar, biodiversitet, svartlista artar, berekraftig bruk og økosystem resiliens.   
 
Velle har spesialkompetanse innanfor naturtypen kystlynghei, kor ho har tatt ei doktorgrad knytt til vegetasjonsøkologi. Her har Velle arbeid med romleg og temporal variasjon i regenereringsdynamikkar. Velle har vore fagekspert for naturtypen kystlynghei i Natur i Noreg og faggruppa for utarbeiding av god økologisk tilstand. Velle har erfaring med  utarbeiding av skjøtselsplanar og naturtypekartlegging i kystlynghei. Ho har erfaring med formidlings- og rådgjevingsarbeid til forsking, forvalting og næring.
 
Velle blei tilsett i Møreforsking Ålesund i 2014. Ho har tidlegare arbeidd i NIBIO (2004-2014) under seksjonen kulturlandskap, og ved Vitenskapsmuseet i Trondheim under naturhistorisk seksjon (2003).
 
Velle si vitskaplege formidling registrert i CRIStin finn du her.