Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Kan gi elevar ny skulekvardag

illu.JPG

Kan gi elevar ny skulekvardag

Kan digitale spelverktøy gjer læring enklare for ungdom med Asperger og Tourette? Tysdag 7. mai inviterar Høgskulen i Volda og Møreforsking til gratis konferanse om temaet.

Konferansen er arrangert av ei prosjektgruppe som forskar på akkurat dette. Prosjektgruppa består av fagfolk frå Møreforsking Molde, Høgskulen i Volda, Nasjonalt kompetansesenter for nevroutviklingsforstyrrelser og hypersomnier (NevSom), Sintef Digital, Ulstein kommune, Arena for læring om velferdsteknologi (ALV Møre og Romsdal), Ulstein Vidaregåande skule, Sunnmøre Folkehøgskule, samt lokalforeiningane i Møre og Romsdal for brukarorganisasjonane Autismeforeningen og Norsk Tourette Foreining - alle lokalisert i fondsregionen. Prosjektet er initiert og leia av seniorforskar Lidun Hareide ved Møreforsking Molde. 
 
- Så langt vi kjenner til er det ikkje gjort noe forskningsarbeid i denne størrelsesorden på desse problemstillingene tidligere, fortel prosjektleiar Hareide.
Prosjektet har involvert mange brukarar for å få så relevante og nyttige resultat som mulig. Heile 57 unge med diagnose Asperger syndrom og 21 med Tourette syndrom har svart på spørreundersøkelse og flere jobber sammen med gruppen som eksperter. Høy brukerinvolvering er heilt avgjerande for å få nyttige resultater av arbeidet.

- Det er unikt i verdssamanheng med så stor grad av brukarmedverknad, seier prosjektleiaren. Det vil Europakongressen for Tourette Syndrom at vi skal komme å fortelje om. 17. mai står representantar for forskningsprosjektet på talerstolen i Hanover, Tyskland og fortel om forskinga.

Prosjektet har fått støtte frå Virkemidler for Regional FoU og Innovasjon (VRI), Såkornmidlar frå Høgskulen i Volda, og i 2017 fekk prosjektgruppa tilslag på søknad hjå Regionalt forskingsfond (RFF).

-         Dette er eit veldig spanande forskingsprosjekt,  kommenterer prosjektleiar Hareide.
-         Vi har til no kartlagt korleis ungdommar med desse diagnosane, foreldre og lærarar opplever skulesituasjonen samt spelevanane til ungdommane, for å kunne danne oss eit bilete av korleis læringsverktøya må utformast. Prosjektet, som skal ferdigstillast før sommaren i år, legg med andre ord grunnlaget for neste prosjekt, der vi skal utvikle faktiske læringsverktøy. Til hausten søkjer vi midlar til dette.
 
Prosjekteigar er Ulstein kommune. Her har kommunalsjef for helse og omsorg, Marit Botnen, hatt ei heilt sentral rolle. 
 
Initiativtakar og prosjektleiar Lidun Hareide er seniorforskar ved Møreforsking Molde (Samfunn). Ho har doktorgrad i omsetjingsteori, samanliknande grammatikk og korpuslingvistikk, og har bakgrunn som lærar i vidaregåande skule, som lærarutdannar ved Høgskulen i Volda samt offentleg administrasjon. Ho forskar på spelbaserte tilnærmingar til læring og digitale språkkorpus, og er medlem i EU-prosjektet Social Sciences and Humanities Open Cloud (SSHOC) som er ein del av European Social Survey ERIC (ESS).