Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Lesekampanje for barn gir gode resultater

sta lux.jpg

Lesekampanje for barn gir gode resultater

Mange lærarar opplever at elevane scorar dårlegare på standardiserte lesetestar etter sommarferien enn før. Møreforsking og Høgskulen i Volda dokumenterar no at lesekampanja Sommerles.no kan bidra til å motverke denne utviklinga.

Tilbakessteg i leseutviklinga over sommarferien er ei utfordring, og eit godt dokumentert fenomen i forskingslitteratur frå USA og Europa. Det kallast «Summer Reading Loss» (Heynes 1978, Cooper 2003, Lawrence 2011 m.fl.). Studiar frå USA viser at svake lesarar kan tape opptil tre månadars leseutvikling i løpet av sommarferien. Dette tyder i praksis at dei svake lesarane rykker tilbake til påske i leseutvikling. Sterke lesarar taper mindre lesekompetanse over sommaren, og slik blir spriket mellom dei sterke og dei svake lesarane større og større for kvart år som går (Lawrence 2011). Her viser vår forsking at lesekampanjen Sommerles.no kan bidra til å motverke denne utviklinga. 
 

Kva er Sommerles.no? 

Sommerles.no er ei nasjonal, digital sommerlesekampanje i regi av folkebiblioteka. Kampanjen startar 1.juni kvart år, og vert avslutta den 31. august. Sommerles.no vart utvikla i 2014 av Vestfoldbiblioteka og Vestfold fylkesbibliotek, med mål om å få flest mogeleg born til å lese mest mogeleg gjennom ein lang sommarferie. Ved å bruke element som born er kjende med frå dataspel, og gjennom mottoet «lesekompetanse gjennom leseglede» har Sommerles.no blitt ein populær sommaraktivitet. Over 105 000 born deltok i Sommerles.no i 2018, og 45% av deltakarane er gutar.  
 
Vår undersøking av 138 born i fjerde, femte og sjette klasse i Hareid kommune, viser at born som deltek i Sommarles.no taper svært lite lesekompetanse over sommaren, medan born som ikkje deltek taper vesentleg meir. Vi meiner difor at Sommerles.no er ein nyttig ressurs for barneskulene i Norge.
 
Dette funnet er i tråd med Fiore & Roman (2010) sin studie frå USA av lesekampanjer i regi av folkebibliotek. I denne studien fann dei at born som las meir enn seks bøker i løpet av sommaren ikkje mista lesekompetanse, medan born som las mindre, fekk tilbakegang på lesedugleikstestar. Fiore og Roman påpeikar at alle born treng ein lesecoach, og at dette tradisjonelt har vore lærar eller foreldra si oppgåve. Fiore og Roman peikar på at rolla som lesecoach også kan fyllast av ein dedikert bibliotekar, og spesielt er dette nyttig om sommaren når lærarane tek sin velfortente ferie.
 
(Artikkelen fortsett under bildet) 
 
 

Forsking på samarbeid mellom skule og bibliotek 

På oppdrag frå Nasjonalbiblioteket og Sommerles.no forskar Møreforsking Molde og Høgskulen i Volda også på samarbeid mellom skule og bibliotek om Sommerles.no. Her skal vi undersøkje datamateriale frå over 105 000 born som deltok i Sommerles.no i 2018, 1997 av deira foreldre, 221 bibliotekarleiarar og 227 lærarar.
 
Analysearbeidet er ikkje ferdigstilt enno, men foreløpige resultat viser at det er mykje å vinne på betre samarbeid mellom skule og bibliotek. Her ser vi at der skulane og lærarane i samarbeid med biblioteka brukar tid før sommarferien til å dele ut informasjon og informere om Sommerles.no til sine klasser, får fleire born kjennskap til kampanjen, og fleire born deltek. Her seier både skuleleiarar og lærarar at ein relativt liten innsats kan gje svært stor utteljing, -  for etter at borna er registrerte, tek biblioteka over oppfølgingsarbeidet. Borna låner og les bøker, registrerer det dei har lese og samlar poeng på nettsida Sommerles.no. Dei 105 000 deltakarane i Sommerles.no sommaren 2018 utgjorde 26% av borna frå i 1. – 7.klasse i dei kommunane som deltok i lesekampanjen. Alle fylker, men ikkje alle kommunar er med i Sommerles.no, og vekstpotensialet er difor stort.

Spesielt nyttig for born som har utfordringar med lesing

I undersøkinga vi sende ut til lærarar, peikte svært mange på at Sommerles.no bør satse på born som har utfordringar med lesing. Dette sterke signalet opplever vi at leiinga i Sommerles.no tek på alvor. Ei ny utfordring er at etter innføringa av dei nye personvernlovene, er det kun foreldra som kan opprette Sommerles-profil for borna, medan tidlegare kunne også lærarar og bibliotekarar hjelpe borna med å kome i gang. Her kan skuleleiing og lærarar som ser fordelen av sommarlesing innta ei viktig rolle gjennom å informere foreldra gjennom sine faste møtepunkt som til dømes foreldremøter, foreldresamtalar og annan kommunikasjon med heimen.

Truleg er informasjon frå lærarar spesielt viktig til foreldre som snakkar lite norsk.
I 2018 deltok 6753 born som snakkar andre språk enn norsk i heimen i lesekampanjen. Her er det heilt klart eit stort potensiale for auke. Borna kom frå over 100 ulike språkbakgrunnar, der engelsk var det vanlegaste heimespråket. Born kan også registrere bøker på andre språk enn norsk, og lydbøker og lettlestbøker gir også poeng.
 

Artikkelen er skriven av prosjektleiar Lidun Hareide, Møreforsking Molde og Silje Ims Lied, Høgskulen i Volda. Den er publisert i Utdanningsforbundet sitt magasin Bedre skole ultimo mai 2019.
 
 
 
Referansar:
Cooper H. (2003) Summer Learning Loss: The Problem and some Solutions. ERIC
 
Fiore, C. & Roman S. (2010) Proof Positive School Library Journal; New York Vol
56, Iss 11. (Nov 2010)
 
Heynes B. (1978) Summer Learning and the effects of Schooling. New York:
Academic Press
 
Lawrence, J. F. (2011). English vocabulary trajectories of students whose parents speak a     language other than English: Steep trajectories and sharp summer setback. Reading and Writing - READ WRIT. 10.1007/s11145-011-9305-z.
 
 
--------------------------------------------------------------------------------------------- 

Kort om Sommerles.no

For å bli med på Sommerles.no er det bare for barna å gå inn på nettsiden sommerles.no i kampanjeperioden og lage en egen profil. Grunnet barnas alder må foresatte må gi sitt samtykke til at barna deltar, og barna må bruke foresattes epostadresse. Alt innholdet på sommerles.no er godt overvåket av bibliotekarer fra hele landet, som passer på at alt av innhold på siden er av positiv karakter. På nettsiden sommerles.no samler barna XP/poeng for hver leste side, svarer på oppgaver, ser hva venner leser og tjener opp digitale troféer. Underveis kan de hente små premier på biblioteket. Sommerles.no er for alle barn i 1. – 7.klasse, og systemet tilpasser barnas alder til poengtellingen, slik at en førsteklassing potensielt kan samle like mange poeng og trofeer som en syvendeklassing – fordi de kommer raskere til poengene. Det er mulig å registrere seg på et lavere trinn dersom man har leseutordringer, og ingen andre trenger å ha tilgang til din profil med mindre du ønsker å dele den og vise hva du har lest med venner. Man får også poeng for å lytte til lydbøker, bli lest for, eller for å lese for yngre søsken eller venner. Sommerles.no finnes på både bokmål og nynorsk, og den spesialskrevne Sommerlesfortellingen finnes i tillegg på nordsamisk, som lydfil og i blindeskrift.

Av Pernilla Slotte Hjermann, rådgiver Vestfold Fylkesbibliotek - prosjektleder for Sommerles.no