Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Stor kartlegging i folkebiblioteka: Kompetente, men manglar ressursar

Bibliotek kompetanse kartlegging.jpg

Stor kartlegging i folkebiblioteka: Kompetente, men manglar ressursar

Tilsette i folkebiblioteka meiner dei treng meir opplæring og større ressursar for å løyse alle dei nye oppgåvene dei har fått. Det kjem fram i ei kartlegging av kompetansen til tilsette i folkebiblioteka Møreforsking har gjort på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Nye oppgåver

- Resultata syner mellom anna at dei tilsette i folkebiblioteka i stor grad føler seg kompetente på dei vanlegaste arbeidsområda sine, som rettleiing av lånarane. Der dei i størst grad ønsker seg meir kompetanse, er innanfor relativt nye typar formidling og oppgåver, som arrangementsavvikling og prosjektaktivitetar. Det kjem også fram at mange tilsette opplever at dei har knappe ressursar på fleire område, som økonomi, fysiske lokale og stillingar, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.
 
Biblioteksjefane som er intervjua bekreftar ressursmangelen, og dei peiker mellom anna på at nye oppgåver har kome til dei siste åra utan at talet på stillingar eller økonomiske rammer speglar dette. Dette er eit hinder for å drive meir langsiktig og nyskapande arbeid i biblioteket. «Det synes som det er et gap mellom samfunnsnytten av disse tjenestene og anerkjennelse i kommunene», skriv Møreforsking i si innleiing til rapporten, som no er publisert på Møre og Romsdal fylkeskommune sine heimesider.
 
Hensikta med kartlegginga var å sjå kva slags kurstilbod som bør utviklast for dei tilsette, i regi av fylkesbiblioteket, som er pådrivar for bibliotekutvikling i regionen.
Kartlegginga var todelt, med ei digital spørjeundersøking retta mot alle tilsette, og ein runde med dybdeintervju av sju biblioteksjefar.
Møreforsking har i rapporten også kome med ei rekkje tilrådingar, der dei mellom anna legg vekt på følgjande: Behov for mer kunnskap om hvordan en kommune fungerer, hvordan få gjennomslagskraft i kommunen og håndtering av usikkerhet rundt fremtidig kommunestruktur, er en kompetanse som etterspørres av både små og mellomstore biblioteksjefer.
 

Styrka samfunnsoppdrag

– Vi er glade for å få bekrefta det vi har trudd, nemleg at biblioteka er bemanna med kompetente medarbeidarar. Framover kjem vi til å fokusere på å utvikle kurs og prosjekt som kan løfte dei på dei områda der dei ønskjer meir kompetanse, som litteraturarrangement, debattar og å styrke biblioteket som demokratiarena. Samstundes er det med ei viss uro vi registrerer at biblioteka ikkje føler at dei har solide nok rammer for å løyse dei lovpålagte oppgåvene sine, seier fylkesbiblioteksjef Annette Koch.
 
Den nye føremålsparagrafen i Lov om folkebibliotek (1985) har gitt biblioteka eit sterkare samfunnsoppdrag og rolle som aktiv formidlar. Dei skal være ein møteplass og ein arena for offentleg samtale og debatt. Biblioteka skal også ta vare på det kulturelle mangfaldet, styrke demokratiet, fremje inkludering og verne om ytringsfridomen og livskvaliteten til den enkelte.
 
Kontaktpersonar:

Gøril Groven
Forsker helse og samfunn
Møreforsking Molde as
Mob. 41301048


Annette Elin Koch
Fylkesbiblioteksjef
71 28 05 03 / 
Mob. 414 55 913