Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Eit godt første driftsår

MF_ny_pos[1].png

Eit godt første driftsår

Året 2008 var Møreforsking sitt første driftsår etter at vi endra organisering frå stiftelse til aksjeselskap. Møreforsking vaks med 25% i omsetning og 15% bemanning i 2008. Dette skuldast eit høgt aktivitetsnviå og god tilgang på oppdrag, særleg i frå næringslivet.

 
Møreforsking driv forsking innan samfunnsplanlegging, velferd, logistikk, nærings- og transportøkonomi og anvendt forsking og utviklingsarbeid retta mot marine og maritime næringar. Møreforsking tek på seg oppdrag for kundar innan næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.  
 
Konsernet Møreforsking er sett saman av morselskapet Møreforsking AS og dotterselskapet Møreforsking Molde AS. Møreforsking sine eigarar er Møre og Romsdal fylke (36%), Høgskolen i Molde (18%), Høgskulen i Volda (18%), Høgskolen i Ålesund (18%) og Stiftelsen Møreforsking (10%). Møreforsking har forskingsavdelingar i Volda og Ålesund og eig 51% av aksjane i dotterselskapet Møreforsking Molde AS, medan Høgskolen i Molde eig 49%.
 
Omsetninga til konsernet Møreforsking var i 2008 på snaut 42 mill kroner og auka med 8,5 mill frå året før.  Resultatet før skatt vart på 1 mill kroner. Alle avdelingane hadde positive resultat i 2008. Bemanninga auka til 42 årsverk totalt og vi fekk 11 nye tilsette gjennom året.
 
Auken i omsetninga kom særleg frå næringsretta prosjekt i samarbeid med regionale bedrifter, og andelen av inntektene som kjem frå næringslivet, auka frå 24% i 2007 til 33% i 2008. Dette var mellom anna eit resultat av VRI Møre og Romsdal, som er Forskingsrådet si hovudsatsing for auka forsking og innovasjon i regionane.  Sidan starten hausten 2007 har over 60 bedrifter i marine og maritime næringar arbeidd med eigne forskings- og utviklingsbehov i regi av VRI Møre og Romsdal. Det er sett i gang 37 ulike forprosjekt.
 
Møreforsking har eit tett fagleg og forskingsmessig samarbeid med høgskulane i Volda, Ålesund og Molde, og er deira hovudreiskap for handtering av eksternt finansierte forskingsoppdrag. Vi arbeider for å styrke det strategiske og forskingsmessige samarbeidet på kvart campus, mellom anna gjennom felles faglege satsingar og samarbeid om gjennomføring av forskingsprosjekt. Samarbeidet med høgskulane vart utvida i 2008.
 
Møreforsking ønskjer å bidra til auka FoU-innsats på Nordmøre. Møreforsking fekk i 2008 på plass ein eigen medarbeidar i Kristiansund, som arbeider som kompetansemeklar på Nordmøre knytt til VRI-programmet.  Målet er å gi både bedrifter og andre aktørar på Nordmøre enklare tilgang til FoU-kompetanse og å stimulere til meir knoppskyting innan offshore, maritime og marine næringar.
 
Meir om verksemda til Møreforsking, og døme på prosjekt vi arbeidde med i 2008, kan du lese i årsrapporten som kan lastast ned her.