Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Fiskeavskjer: ei kjelde til milliardinntekter?

Fiskeøyer i bøtte.jpg

Fiskeavskjer: ei kjelde til milliardinntekter?

Kvart einaste år blir 200.000 tonn fiskeavskjer kasta på havet frå norske fiskebåtar. Møreforsking arbeider for at alt dette restråstoffet frå norskfanga fisk kan utnyttast innan 5 år.


Margareth Kjerstad hos Møreforsking har som mål å ta vare på heile fisken og få løfta avskjeret frå fisken til høgverdige produkt.
 
Det er mange utfordringar for å få til dette. Ei av dei er å få råstoffet i land, ei anna er å finne dei rette kundane.
 
I regi av Ålesund Kunnskapspark er det igongsett eit treårig prosjekt for å byggje opp ei klyngje av bedrifter på Nordvestlandet med satsing på berekraftig produksjon av marine ingrediensar.
 
Det kan også ligge eit unytta potensial i artar som det til no ikkje har vore drive kommersiell fangst etter. Breiflabb og steinbit var tidlegare rekna som ufisk, men har funne vegen inn i restaurantar og heimar.
 
Det same skjer no med djupvassfisken isgalt. Andre artar som kan vere aktuelle er ulike djupvassfiskar, kongesnegl og sjøpølse.
 

 
RELEVANTE ARTIKLAR: 
Aftenposten 29.08.13 (papirutgåva): Skal det være et fiskehode?