Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Informasjonsfilm om kvalitetsbehandling av fisk

IMG_20130226_114819.jpg

Informasjonsfilm om kvalitetsbehandling av fisk

Nye verkemiddel blir tekne i bruk for å lære fiskarar meir om kvalitet i fiskeproduksjon. Filmen skal bidra til kvalitet frå hav til bord.


Feil fangstbehandling av fisk gjev redusert produktkvalitet og pristap for fiskebåtane. Mange båtar leverer god kvalitet, men mange har for stort fokus på kvantitet i forhold til kvalitet.
 
Gjennom eit samarbeid med Avdeling for Mediefag ved Høgskulen i Volda, har det blitt utarbeidd ein informasjonsfilm for å betre formidlinga av forsking omkring korrekt fangstbehandling.
 
Forskar Margareth Kjerstad er godt nøgd med samarbeidet og filmen. -Vi forskarar er flinke i faget vårt, men ikkje alltid like dyktige til å formidle bodskapen ut til folk. Mediefolk tenkjer annleis.
 
Målgrupper for filmen er både elevar ved fiskerifag på vidaregåande skular og erfarne fiskarar. Mediegjengen skal i løpet av hausten ombord på fleire fiskebåtar og prøvesyne filmen, og dei vil gjere ei undersøking på korleis fiskarane ynskjer å få servert  filmen. 
 
Janita Arhaug i Møre og Romsdal Fiskarlag har sjølv arbeid som fiskar i mage år. Ho er intervjua for Norges Fiskarlag sitt magasin MEA om filmen: - Dette kan vere ei nyttig påminning om korrekt behandling. Tidspress, store kvanta eller berre gamle vanar er vanlege grunnar til at det av og til kan slurvast med kvaliteten.
 
Filmen på 17 minutt har både norsk og engelsk tale, og er inndelt i 10 kapittel. Det er tidlegare utarbeida undervisingshefte og faktaark av materialet. Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfond, VRI Møre og Romsdal, Norges fiskarlag, SUFORI, Høgskolen i Ålesund, Ålesund videregående skole er samarbeidspartar med Møreforsking Marin.
 
Ta kontakt med Forsker Margareth Kjerstad hos Møreforsking om du er interessert i meir opplysingar om filmen.