Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Kongsnegl kan gi vekst langs kysten

Kongsnegl kan gi vekst langs kysten

Kongsnegl er utbreidd i kystnære områder langs heile norskekysten. Arten har vore lite utnytta, men enkelte har starta fiske og produksjon. Næringsutviklinga er i startfasa og lønsemda er framleis usikker. Møreforsking Marin fekk i oppdrag frå LUR-programmet å evaluere FoU arbeidet som er utført for kongsnegl og kome med forslag til den vidare satsinga. Arbeidet har vist at det er lagt ned ein stor innsats for å utvikle kongsneglnæringa. Ressursen finnast, produktet synes lovande og det eksisterer marknadar. Til tross for dette er det mykje usikkerheit og næringa treng framleis målretta FoU satsing for å kunne bli lønsam.

 
Undersøkinga er basert på intervju med 22 personar som har vore involverte i utviklingsarbeid for kongsnegl. Resultata frå undersøkinga viser at det på kort sikt er behov for ei nasjonal standardisering for Mattilsynet sine prosedyrar rundt godkjenning av fangstområde og produkt. Dette omfattar både type analysar, hyppigheit av analyse, og kva ledd av verdikjeda som skal ha ansvaret for å gjennomføre analysane. Det må etablerast ein konsensus om korleis reglane skal tolkast og praktiserast.
 
Usikkerheita i fisket må reduserast og kunnskapen til fiskarane må byggast opp. Eit større forsøksfiske som strekker seg over tid bør derfor gjennomførast. Eit utval  båtar bør plukkast ut og LUR programmet må organisere eit garantiordningssystem som kan redusere risikoen til fiskarane. 
 
 
Ein har liten kunnskap om biologi og korleis sneglen blir påverka av fisket. Dette område må prioriterast. Det bør gjennomførast bestandsundersøkingar med spesielt fokus endringar i bestanden over tid. For å auke lønsemda i alle ledd må ein identifisere og utvikle høgt betalande marknader. I det vidare arbeidet bør ein gjennomføre ei grundig marknadskartlegging både i Europa og Asia. Målet er å lansere norske kongsneglar som eit kvalitetsprodukt i dei best betalte marknadsnisjene.
 
Prosjektet har vore finansiert av LUR programmet og Fiskeri og Havbruksnæringens forskningsfond.
 
 
Kontaktpersonar:  Snorre Bakke og Margareth Kjerstad