Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Møreforsking med ny profil

MF_ny_pos[1].png

Møreforsking med ny profil

"Forandring fryder" - det gjeld både for oss og for brukarane våre. Møreforsking har det siste året vore gjennom viktige administrative endringar. Som følgje av dette, har vi også laga ein ny grafisk profil og nye heimesider. Vi håper at vår nye profil fell i smak.

 
Gjennom den nye profilen og  heimesida ønskjer vi å synleggjere Møreforsking og framheve Møreforsking sine fagområde, og gjere at Møreforsking framstår på ein meir heilskapleg måte. Det viktigaste har vore å løfte fram den faglege verksemda. Vi har difor bygd nettsida opp rundt tre stolpar – informasjon om og tilgang til våre publikasjonar, dei tilsette sin kompetanseprofil og forskingsprosjekta som vi til ei kvar tid arbeider med. Dette er sett saman rundt dei fagområda/forskingstema som vi fokuserer på. Målet er å gjere Møreforsking lettare tilgjengeleg og synleg for brukarar av forsking .
 
Løysinga legg opp til at heimesida skal vere hovudkanalen for publisering av rapportar og forskingsresultat frå opne prosjekt. Elektronisk publisering vil bli den viktigaste formidlingskanalen både for skriftlege leveransar, synleggjering av dei tilsette sin kompetanse, opplysningar om forskingsprosjekta som vi til ei kvar tid arbeider med, saman med nyhende og omtale av aktivitetane våre elles.
 
Den nye heimesida omfattar i denne runda verksemda til Møreforsking Volda og Møreforsking Marin (tidlegare Møreforsking Ålesund).  Møreforsking Molde AS er knytt opp til sidene gjennom lenke, men vil etter planen ta i bruk dei nye sidene seinare i år.
 
Grunnelementa i vår noverande logo er med vidare, men vi har friska opp utforminga. Grunnelementa og identieten i logoen er felles for Møreforsking AS og dotterselskapet Møreforsking Molde AS.
 
Vår nye grafiske profil er laga i samarbeid med Havnevik AS, medan den tekniske løysinga for dei nye heimesidene er leverte av Avento AS. Kravspesifikasjon og innhald er laga av ei eiga prosjektgruppe i Møreforsking.
 
Kom gjerne med tilbakemeldingar - anten det er ris eller ros - til dei nye heimesidene våre. Ta kontakt med direktør Roar Tobro.