Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Arbeidskraftbehov i Møre og Romsdal

Arbeidskraftbehov i Møre og Romsdal

Arbeidet med å sikre rekruttering og busetjing har høg prioritert frå Møre og Romsdal fylke. "Move to MoRe" er eit 3-årig prosjekt som skal koordinere og styrkje arbeidet med rekruttering og tilflytting.

 
Møre og Romsdal har vore gjennom ein lang periode med stor etterspurnad etter kompetanse på alle nivå. Manglande tilgang på arbeidskraft kan ha bremsa veksten i fleire næringar dei siste åra. Med svakare vekst i økonomien og stigande arbeidsløyse kan føresetnadene for veksten vere i ferd med å endre seg. Det er likevel behov for å vurdere behovet for kompetanse og arbeidskraft i fylket, både på kort og ikkje minst på lengre sikt. Møreforsking vil på oppdrag frå Møre og Romsdal fylke og NAV Møre og Romsdal gjennomføre ei undersøking av dette temaet. Undersøkinga skal omfatte alle kommunane, samt mange bedrifter i fylket.
 
Funn frå undersøkinga vil mellom anna bli presentert under erfaringskonferansen som ”Move to MoRe” gjennomfører i november/desember 2009.
 
Prosjektleiar for undersøkinga vil vere forskar Finn Ove Båtevik. Prosjektmedarbeidarar vil vere forskarane Marte Hanche-Dalseth, Else Ragni Yttredal og Geir Tangen.
 
Les meir om ”Move to MoRe” her