Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Barnehagane konkurrerer

Viddeklimaplan

Barnehagane konkurrerer

I samband med sluttføringa av klimaplanar for ni kommunar på Sunnmøre og i Nordfjord blir det no arbeidd for å skape engasjement kring planane og miljøarbeid generelt.

 
Temasamlingar med fokus på energi, transport, forbruk og avfall er gjennomført. I tillegg har det vore gruppemøte i kvar kommune innan desse temaområda.  Deltaking og engasjement på samlingane og møta tyder på at klimaplanarbeidet er godt forankra i arbeidsgruppene.
 
Når prosjektet no er i sluttfasa, og planane snart skal vedtakast, er det viktig å mobilisere fleire og forskjellige grupper i lokalsamfunna. Det vil difor i løpet av januar og februar verte arrangert folkemøte i Ørsta, Volda, Sula, Hareid, Sande og Vanylven. Fokus vil vere på kva som er dei lokale utfordringane, samt kva den einskilde kan gjere og kva som kan gjerast i kommuneorganisasjonen.
 
Auka fokus på miljø er også utgangspunktet for barnehagekonkurransen, som prosjektgruppa arrangerer saman med Sunnmørsposten. Barnehagar frå Volda, Hareid, Sula, Herøy og Sande skal gjennom tre veker delta i ein uhøgtidleg konkurranse med klima som fokusområde. Fokus denne veka er avfall og kjeldesortering, og Austefjord barnehage var først ut med oppslag i Sunnmørsposten den 13. januar. Dei andre temaområda i konkurransen vil vere energi og forbruk.
 
Les meir om klimaplanprosjektet på Klimaprosjektet sine eigne heimesider.