Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Boligsosialt utviklingsprogram

Boligsosialt utviklingsprogram

Bustadsosialt utviklingsprogram (BoSo) er eit nytt tilbod frå Husbanken Region Øst.  Målet for programmet er å finne nye løysingar for bustadsosiale utfordringar i kommunane, og med kommunane som drivkraft.  Gjennom BoSo ønskjer Husbanken å stimulere kommunane til utvikling av heilskapleg, målretta og lokalt forankra bustadsosialt arbeid. Satsinga starta opp i oktober 2009 med kommunane Bærum, Hamar, Lillehammer og Lørenskog. I løpet av 2010 vil fem andre kommunar  bli inviterte til deltaking, og i 2011 ytterlegare fem kommunar.
 
Møreforsking Volda skal evaluere programmet gjennom ei følgeevaluering, som skal fokusere på resultat og erfaringar frå dei kommunale prosjekta og på erfaringane med bruk av program som metode/verkemiddel i det bustadsosiale arbeidet.
 
Møreforsking si rolle som evaluator skal vere:
 
·         å medverke til at dei involverte aktørane lærer av programmet
·         å få fram erfaringar frå arbeidet med BoSo
·         å skaffe grunnlag for erfaringsutveksling mellom kommunar
·         å bidra med innspel undervegs
 
Forskarane Randi Bergem, Susanne Moen Ouff og Marte Hanche-Dalseth ved Møreforsking Volda skal arbeide med evalueringa, som går i perioden desember 2009 til desember 2012.