Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Bygdeforskingsdagen: Ny mobilitet for bygdene

TurdaGorges_CC_ChristianBortes.jpg

Bygdeforskingsdagen: Ny mobilitet for bygdene

To forskarar frå Møreforsking deltok på Bygdeforskingsdagen 4. og 5. november, med kvar sitt innlegg om flyttemønster. Mobiliteten på bygdene stod på timeplanen. Eit bodskap frå konferansen, og ikkje minst knytt til dei to innlegga frå Møreforsking, er at distrikta og bedriftene må bli flinkare å tenke breidde i eiga rekruttering. Nye grupper viser interesse både for arbeidstilbodet og andre kvalitetar ved distrikts-Norge. Den sterke arbeidsinnvandringa, viser at mange distriktskommunar blir opplevde som attraktive. Mange kommunar og bedrifter tenkjer likevel veldig tradisjonelt når det gjeld eige rekruttering- og tilflyttingsarbeid og har så langt utnytta potensiale for ny rekruttering dårleg.

 

Seniorforskar, Ph.D. Gro Marit Grimsrud heldt innlegg om tilflyttingsarbeid i kommunane som tema, basert på følgjande abstract:
 
Et kritisk blikk på idegrunnlaget i distriktskommunenes tilflyttingsarbeid
 
Arbeid rettet mot hushold for å få dem til å flytte til distriktene har utviklet seg til et eget innsatsområde i distriktspolitikken – på siden av tradisjonell næringsutvikling og stedsutvikling, og også på siden av integreringsarbeid rettet mot innvandrere. Det sentrale spørsmålet i paperet vårt er hvilke ideer om mobilitet og ruralitet tilflyttingsarbeidet bygger på, og hvilke konsekvenser disse forståelsene gir for resultatene av arbeidet.
 
Vi undersøker tilflyttingsarbeidets idegrunnlag opp mot tradisjonelle flytte- og bygdeutviklingsteorier så vel som mot nyere begreper som f.eks. translokalitet. Arbeidet vårt viser at motsetningsforholdet mellom by og land ligger nokså fastlåst som basis for mesteparten av arbeidet, og at hovedideen er at informasjon om bygdas goder er det som skal til for å snu flyttestrømmen. Videre ser vi at bofastidealet står sterkt.'
 
Til sammen mener vi at disse perspektivene kan snevre inn mulighetsområdet for tilflyttingsarbeidet, og i verste fall sortere innbyggere i en gruppe som er ønsket (hvite ressurssterke barnefamilier og tilbakeflyttere) og en gruppe som ikke er ønsket (alle andre).
 
Grimsrud sin bakgrunnspresentasjon for Bygdeforskningsdagen
Les meir om forskingsprosjektet: Tilflyttingsarbeid verkar for dei få
 

Seniorforskar, Dr. polit. Finn Ove Båtevik heldt innlegg om kva faktorar som er avgjerande for å bu i distrikta, basert på følgjande abstract:
 
Bli verande eller reise vidare? – avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta
Demografiske utviklingstrekk tilseier at kampen om arbeidskrafta mellom storbyane og resten av Norge kan bli ei stor utfordring for distrikta. Kulla som veks opp utanfor dei største og mest sentrale regionane er reduserte. Utdanningsnivået i befolkninga stig, og den høgst utdanna delen av befolkninga har eit flyttemønster som klart peikar frå periferi til sentrum.
 
Samtidig er det aukande behov for høgt utdanna arbeidskraft i distrikta, både i privat og offentleg sektor. Framtida er kunnskapsintensiv, også blant mange bedrifter utanfor storbyregionane. Mange bedrifter har stort behov for arbeidskraft med høg formell kompetanse.
 
På bakgrunn av ein studie blant høgt utdanna arbeidskraft som arbeider i kompetanseintensive bedrifter maritime og marine næringar, har vi identifiserte det ein kan kalle fire bærebjelkar i rekruttering av slik arbeidskraft i eit distriktsfylke. Bærebjelkane kan knytast til det aktivum bedriftene representerer sjølve, kompetansemiljøet i regionen, familie og sosiale nettverk og ei alternativ grunnhaldning hos arbeidstakarane ( mellom anna knytt til den gruppa som vi har kalla «friluftsrallarar»).
 
Eit viktig funn er at opplevinga av det regionale kompetansemiljø aukar tilknytinga til regionen monaleg. Den regionale tilknytinga gjennom oppvekst er for så vidt viktig på den måten at desse i større grad enn andre kjem til regionen.  Det må likevel understrekast at seinare karriereflytting blir opplevd som like sannsynleg blant dei med lokal og regional tilknyting som blant tilflyttarane.
 
Positiv oppleving av kulturen på arbeidsplassen gir sterk tilknyting til bedrifta. Sterk tilknyting til arbeidsplassen finn ein også blant dei mest aktive friluftsentusiastane. Tilknyting til arbeidsplass og bedrift betyr derimot ikkje alltid at ein samtidig er knytt til regionen. Fleire av kompetansearbeidarane er tilsette i selskap med avdelingar både i inn- og utland, noko som gjer ei karriereflytting utan byte av arbeidsgivar er mogleg. Ut frå dette har vi mellom anna foreslått at omgrepet «friluftsrallarar» kan fangar opp ei av gruppene som utgjer rekrutteringsgrunnlaget for bedriftene. Omgrepet fangar opp ei gruppe som set høve til å drive friluftsliv høgt, men utan at dette nødvendigvis gir noko sterke band til regionen som framtidig stad å bu. Om ein då arbeider i eit stort og multiregionalt selskap, gir dette høve til «å shoppe» opplevingar, samstundes som ein kan bygge ei karriere i det aktuelle selskapet.  
 
Studien omfattar høgt utdanna som er relativt tidleg i etableringsfasen, både på bu- og arbeidsmarknaden. Empirien er henta frå Møre og Romsdal. 
 
Båtevik sin bakgrunnspresentasjon for Bygdeforskningdagen
Les meir om studien blant høgt utdanna arbeidskraft:  Høg kompetanse er ein knapp ressurs