Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

"Dei nye hendene" - Offentleg sektor sitt møte med arbeidsinnvandrara

"Dei nye hendene" - Offentleg sektor sitt møte med arbeidsinnvandrarar

Møreforsking Volda er tildelt prosjektstøtte frå Regionalt Forskningsfond (RFF), Region Vestlandet, til gjennomføring av forprosjektet "Dei nye hendene" - Offentleg sektor sitt møte med arbeidsinnvandrarar.

 
Forprosjektet omhandlar arbeidsinnvandring og offentleg sektor. Arbeidsinnvandring representerer både utfordringar og moglegheiter. Korleis offentleg sektor handterer ei stor innvandringsgruppe som arbeidsinnvandrarar, er viktig kunnskap som det er behov for i fornyinga av offentleg sektor. Den høge arbeidsinnvandringa til fylka på Vestlandet gjer det nærliggande å tru at arbeidsinnvandrarar kjem til å vere med å prege samfunnsutviklinga i fylka og i regionane på fleire område i mange år framover. I 2009 toppar Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal nettoinnvandringa frå eit utval av de nye EU-landa. Desse to fylka har over dobbelt så høg arbeidsinnvandring som landsgjennomsnittet i forhold til folketalet. Med utgangspunkt i eit utval kommunar i desse to fylka vil Møreforsking Volda granske kva erfaringar kommunane har og korleis offentleg sektor handterer arbeidsinnvandringa. Forprosjektet vil vere sentralt for utviklinga av problemstillingar til eit hovudprosjekt.
 
Prosjektleiar er seniorforskar og Dr. Polit Finn Ove Båtevik. Prosjektmedarbeidarar er forskarane Marte Hanche-Dalseth og Else Ragni Yttredal.