Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

"Dei nye hendene" - Representerer familieinnvandring eit arbeidskraft...

"Dei nye hendene" - Representerer familieinnvandring eit arbeidskraftspotensiale for helse- og omsorgssektoren?

Forprosjektet "Dei nye hendene" - Representerer familieinnvandring eit arbeidskraftspotensiale for helse- og omsorgssektoren? vil omfatte ei kartlegging av arbeidskraftspotensialet for helse- og omsorgssektoren. Dette knytt til den familieinnvandringa som følgjer av arbeidsinnvandringa i Midt-Norge. Oppdragsgjevar for forprosjektet er Regionalt forskningsfond (RFF), Fondsregion Midt-Norge.
 
Arbeidsinnvandring representerer både utfordringar og moglegheiter. Korleis offentleg sektor handterer ei stor innvandringsgruppe som arbeidsinnvandrarar, er kunnskap det er behov for i fornyinga av offentleg sektor. Gjennom Regionalt forskningsfond (RFF), Fondsregion Vestlandet, har Møreforsking Volda tidlegare fått tilslag på forprosjektet ”Dei nye hendene” – Offentleg sektor sitt møte med arbeidsinnvandrarar.  Gjennom å sjå dei to prosjekta i samanheng, vil ein i tillegg til å gjennomføre to fullverdige forprosjekt i dei to regionane, også ha to prosjekt der det vert mogeleg å gjere komperasjonar.
 
Kontaktperson/prosjektleiar ved Møreforsking Volda: Finn Ove Båtevik. Prosjektmedarbeidarar: Marte Hanche- Dalseth og Grethe Mattland Olsen.