Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Dialogmøte Kristiansund

Dialogmøte Kristiansund

Møreforsking arrangerte i samarbeid med Kristiansund kommune dialogmøte onsdag 23. september. Temaet var levekår.

Møreforsking gjennomfører for tida forprosjektet ”Levekår i Kristiansund”. Som ein del av forprosjektet vart det onsdag 23. september gjennomført eit dialogmøte med temaet levekår. Heile 43 deltakarar melde seg som deltakarar til møtet. Deltakarane representerte det politiske miljøet, administrativ leiing, barnehage- og skuleområdet, barn, familie og helse, ulike etatar som krisesenter, kyrkje og politi, samt næringsliv. Det er interessant å merke seg at næringslivet var den gruppa som hadde meldt flest deltakarar til møtet. På dialogmøtet vart det avdekt utfordringar på levekårområdet i Kristiansund, samstundes som ein såg på tiltak som fungerte godt slik dei er no og behovet for nye tiltak for å betre levekårsituasjonen i byen. Forskar Susanne Moen Ouff var prosessleiar og representert saman med Finn Ove Båtevik og Marte Hanche-Dalseth Møreforsking. I løpet av november vil det ligge føre ein eigen rapport frå forprosjektet, der mellom anna erfaringane frå dialogmøtet vil bli oppsummerte.
 
TVNordvest dekte dialogmøtet i si sending 23. september. Du finn innslaget ved å gå 8 minutt ut i sendinga: http://media.ta.no/aplayer/tvromsdal/pl.php?ID=499&mm=1