Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Effektar av Eiksundsambandet og Kvivsvegen

Effektar av Eiksundsambandet og Kvivsvegen

Møreforsking set søkelyset på utvikling og endringar på Søre Sunnmøre som følgje av dei nye vegsambanda.


I det ferskaste nummeret av Plan skriv Finn Ove Båtevik og Geirmund Dvergsdal om effektane Eiksundsambandet og Kvivsvegen har hatt på Søre Sunnmøre.
 
-         Vi ser ei tydelig regionutviding. Fleire får enklare tilgang til tilbod som til dømes utdanning, sjukehus og flyplass, forklarar den eine av artikkelforfattarane, Geirmund Dvergsdal.
 
Eit større regionalt kundegrunnlag har hatt positive effektar for Ørsta-Volda lufthamn. Eiksundsambandet opna i 2008, og i året som følgde auka passasjertrafikken med nesten 50 prosent. Denne trenden ser ikkje ut til å snu.
 
-         Reiseavstand, befolkning, kundar og næringsliv er grunnleggande faktorar for regional utvikling, og denne blir styrka ytterligare no som Kvivsvegen er opna, seier Dvergsdal.
 
Det er også utfordringar knytt til dei nye vegsambanda. Eit sentralt spørsmål er korleis offentleg sektor skal organisere seg i forhold til ein region som går på tvers av både fylkes- og andre forvaltningsgrenser.
 
-         Kanskje kan nye samhandlingsmønster bidra til ein meir samla region og vise fram kvalitetar som no ligg skjult, seier Dvergsdal.
 
For mange grupper på Søre Sunnmøre har vegsambandet opna nye moglegheiter. Næringslivet opplev ei auke i kompetansearbeidskraft. Valmulegheitene for dei som alt bur i regionen er fleire og regionen vil framstå som meir attraktiv for dei som vurderer å etablere seg, konkluderer rapporten i Plan.