Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Ekstremsport som grunnlag for reiselivsutvikling og busetnad

Ekstremsport som grunnlag for reiselivsutvikling og busetnad

Prosjektet Ekstremsport som grunnlag for reiselivsutvikling og busetnad har etablert eit tett samarbeid med sentrale aktørar innan ekstremsport på Vestlandet.

 
 
Prosjektet jobbar no med å innhente synspunkt frå aktive og frivillige som vi oppfattar som opinionsleiarar i ein naturbasert opplevings- og livsstilsmarknad.
 
Hovudmålet med prosjektet er å skape eit kunnskapsgrunnlag for å bidra til busetnad og bedriftsutvikling i lokalsamfunn på Vestlandet gjennom å vidareutvikle ekstremsportarrangement og adventureturisme i området. 
 
Delmåla er å:
 
1. Identifisere moglegheiter og utfordringar knytt til utvikling av arrangement, bedrifter og busetnad med utspring i ekstremsportarrangement.
 
2. Identifisere viktige faktorar ved oppbygging av ein destinasjon og busetnad basert på hard adventure – turisme.
 
3. Skape eit nettverk mellom ekstremsportarrangement og ekstremsportutøvarar, reiselivsselskap, FoU, kommunar og fylke.
 
Prosjektet er finansiert av Regionalt Forskingsfond Vestlandet, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
 
Nærare informasjon om prosjektet ved Else Ragni Yttredal og Geirmund Dvergsdal, Møreforsking Volda.