Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Evaluering av Helse i plan og Partnerskap for folkehelse

Evaluering av Helse i plan og Partnerskap for folkehelse

Møreforsking har no avslutta evalueringa av Helse i plan og Partnerskap for folkehelse. Evalueringa er gjennomført på vegner av Helsedirektoratet i perioden 2007 - 2010. Arbeidet er gjort i samarbeid med NIBR.

 
Møreforsking har i samarbeid med NIBR evaluert fire verkemiddel i Helsedirektoratet sin folkehelsesatsing, i perioden 2007-2010. Resultat frå evaluering av tiltaka Kommunehelseprofiler og Tilskuddsordning for lavterskel fysisk aktivitet, vert presenterte i rapportar i 2008. Resultat frå evalueringa av Helse i plan og Partnerskap for folkehelse var rapportert i underveisrapportar frå NIBR og Møreforsking i 2009, og i sluttrapport i mars 2010.
 
Evalueringene viser at ein godt i gang med å forankre arbeidet med Helse i plan og Partnerskap for folkehelse i kommuneorganisasjonane. Aktørar i kommunane opplever både Partnerskap for folkehelse og Helse i plan som svært nyttige verkøty i det lokale folkehelsearbeidet. Dei rapporterar at arbeidet har gitt økt kompetanse i organisasjonen, betre tverrfagleg samarbeid, betre samarbeid på tvers av forvaltningsnivåa og ei økning i praktiske folkehelsetiltak lokalt. Også på fylkeskommunalt nivå opplever dei at tiltaka bidrar positivt i deira folkehelsearbeid. Likevel står kommunar, saman med fylkeskommunale og nasjonale myndigheiter overfor store utfordringar i arbeidet. Her er døme på utfordringar vi har peika spesielt på
  • bruk av små stillingsbrøkar i folkehelsekoordinatorstillingar
  • plassering av folkehelsekoordinatoren er svært viktig, men ser ut til å være gjenstand for tilfeldig plassering
  • frivillig sektor vil gjerne vere med i folkehelsearbeidet, og vert rekna som viktig, samstundes som det er viktig å ta vare på frivillighetens automoni
  • kommunelegen sin rolle er avgjerande for langsiktig og heilskapeleg folkehelsearbeid, men er i svært varierande grad aktiv deltakar i arbeidet
  • det er stor etterspørsel etter folkehelsedata som kan ligge til grunn for det lokale arbeidet, men ein treng kompetanse på å samle inn, analysere og iverksette tiltak på bakgrunn av slike data

Samtidig med sluttrapporten, har vi publisert ein oppsummerande rapport for tiltaka Kommunehelseprofilar, Helse i plan og Partnerskap for folkehelse.