Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Fjordkonferansen - ein felles fagleg møteplass for Sogn og Fjordane o...

Fjordkonferansen - ein felles fagleg møteplass for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Fjordkonferansen er eit fellestiltak for forskings- og utdanningsmiljøa i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Første konferanse skal vere på Alexandra hotell i Loen 20. - 21. juni 2013.

 
Høgskolen i Molde, Høgskolen i Ålesund, Høgskulen i Volda, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Møreforsking har saman teke initiativet til Fjordkonferansen. Fjordkonferansen skal vere ein møteplass for fagmiljøa der formidling, læring og fagleg utvikling skal stå i fokus. Fjordkonferansen har fått finansiering frå m.a. Sparebanken Møre, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og MøreAlliansen.
 
Formål
Fjordkonferansen skal vere ein fagleg samlingsstad for fagpersonar i FoU-institusjonane i dei to fylka og for fagpersonar i næringsliv og offentleg verksemd i regionen som arbeider med FoU-prosjekt og utviklingsprosessar. Til Fjordkonferansen skal aktuelle FoU-arbeid presenterast og drøftast. Vi tek sikte på å utarbeide årlege antologiar der paper kan publiserast. Erfarne forskarar internt og eksternt skal gi rettleiing undervegs i arbeidet med paperet. Fjordkonferansen vil ha nytteverdi både for den einskilde deltakar og for dei respektive FoU-institusjonane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
 
Lågterskeltilbod
Fjordkonferansen er retta primært mot dei som enno ikkje er publiseringsaktive. Aktivitetar knytte til konferansen skal medverke til publisering og vere ein møteplass for læring og utvikling av samarbeid. Fjordkonferansen er eit prøveprosjekt over to år (2013 og 2014). Konferansen og antologiane skal bidra til å auke den akademiske kompetansen i regionen.
 
Kvalitet er hovudtema i 2013
Kvalitet er valt som overordna overskrift for Fjordkonferansen 2013. Vi planlegg å ha fleire temaområde der vi inviterer til å presentere artikkelutkast, idear til forskingsprosjekt, posters og andre faglege bidrag.
 
Tema som er valde for Fjordkonferansen 2013 er:
 
Kvalitet i profesjonsutøving. Korleis sikre kvalitet i profesjonsutdanning og profesjons-utøving? Profesjonsutøvaren og profesjonane sine roller i velferdssamfunnet. 
 
Kvalitet i velferdsstatens tenester. Korleis fungerer velferdsstaten i dag og i framtida som system og som tenesteprodusent? Planstyring, reguleringsstyring, rettar, behov, samhandling, samordning, oppgåvefordeling, ansvarsfråskriving, nye sosiale klasser m.m. Korleis vurdere og sikre lik kvalitet til brukarar av offentlege tenester? Kvalitet og pasienttryggleik (samhandlingsreforma).
 
Folkehelse og livskvalitet. Korleis sikre betre folkehelse og livskvalitet for alle? Fysisk fostring, kosthald, friluftsliv, sosiale ulikskapar m.m.
 
Kvalitetssikring av vedtak om offentlege investeringar. Korleis sikre kvalitet i offentlege investeringar? Korleis vurdere kostnad og nytte, kva skal målast, korleis vurdere vanskeleg målbare faktorar, verdiar, normer, institusjonar?  Forholdet mellom fag og politikk i prioriteringar og vedtak om offentlege investeringar.
 
Tenestekvalitet. Korleis vurdere og sikre kvaliteten som brukarar og forbrukarar opplever på ulike private og offentlege tenester? Kva er god kvalitet? Kva er god servicekvalitet? Korleis måle og premiere kvalitet? Kva er relasjonskvalitet? Kvalitet og omdømmebygging, merkevarebygging, kundehaldningar, lønsemd, kvalitetsstyring av tenesteføretak, m.m. Korleis skape ein kvalitetsorientert kultur for forbetring og læring?
 
Kvalitetssikring av prosessar og aktivitetar. Korleis planlegge og styre planleggings-, utviklings- og gjennomføringsprosessar slik at ein sikrar intendert kvalitet? Kvalitetskontroll, implementering, LEAN, produktflyt m.m.
 
Ymse. Teoretiske perspektiv på kvalitet som til dømes: Kva er kvalitet? Korleis måle kvalitet? Dimensjonar av kvalitet. Kvifor er kvalitet viktig?
 
Første konferansen i juni 2013
Første konferansen skal vere på Alexandra hotell i Loen 20.-21. juni 2013. Du kan allereie no melde inn abstract/idéutkast til paper, ved å ta kontakt med ein av kontaktpersonane nedanfor.
 
Det vil bli oppretta ei eiga heimeside for Fjordkonferansen for påmelding, praktisk informasjon om konferansen m.m.
 
Ta kontakt med styringsgruppa for Stiftelsen Fjordkonferansen for meir informasjon:
 
Høgskulen i Sogn og Fjordane: Georg Arnestad
Høgskulen i Volda: Jørgen Amdam, Knut Willy Sæter
Høgskolen i Molde: Øyvind Halskau
Høgskolen i Ålesund: Øyvind Helgesen, Erik Nesset
Møreforsking: Roar Tobro, Maria Sandsmark, Geir Tangen