Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Folkemøte om klimaplan

Folkemoeteoersta

Folkemøte om klimaplan

I Klimaplanprosjektet skal vi gjennomføre til saman seks folkemøte, og er no komne halvvegs.

 
Klimaplanprosjektet er inne i ei avsluttande fase, og prosjektgruppa gjennomfører no folkemøte i dei fleste deltakarkommunane. I veke 4 vart det gjennomført folkemøte i Ørsta, Sula og Hareid, medan møta i Sande, Volda og Vanylven vert gjennomførte i veke 5 og 6. 
 
I møta er det lagt opp til både faginnlegg og gruppearbeid. I faginnlegga fokuserer vi på korleis klimaplanen kan danne grunnlag for ei utvikling som i størst mulig grad reduserer klimagassutsleppa i kommunen. Vi peikar også på kva utfordringar kvar enkelt kommune står overfor, og viser fram gode eksempel på tiltak andre deltakarkommunar har kome fram til i sitt planarbeid. I del to av folkemøta arbeider deltakarane i mindre gruppe rundt tema som kva ein sjølv kan bidra med og kva ein ønskjer at kommunen skal ha fokus på. Så langt har gruppeprosessane leda til gode diskusjonar og fått fram mange nyttige innspel, som blir med i det vidare arbeidet.