Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Forskarar til Møreforsking Volda AS

Inkludering - iStock_000006848194Small[1].jpg

Forskarar til Møreforsking Volda AS

Møreforsking Volda AS skal utvikle forskingsmiljøet på campus i Volda i tett samarbeid med Høgskulen i Volda. Det skal no rekrutterast minst 3 forskarar knytt til Møreforsking og Høgskulen i Volda sine strategiske satsingsområde innan samfunnsforsking.
 
- Oppvekst/skule/utdanning
- Arbeidsliv/kompetanse/migrasjon
- Helse/velferd/tenesteinnovasjon
- Samfunnsendringar
- Berekraftig utvikling
- Kultur- og mediefag
 
Arbeidet som forskar i Møreforsking Volda AS er særleg retta mot oppdragsforsking av høg vitskapeleg kvalitet. Forskarane vil inngå i faggrupper med utgangspunkt i Møreforsking og Høgskulen i Volda, men samtidig ha ein fleksibel og sjølvstendig arbeidskvardag.
 
Arbeidsoppgåver
- Forsking, utvikling, rådgjeving og formidling
- Vitskapeleg publisering
- Vere orientert om relevante utlysingar
- Leie og bidra i søknadsprosessar
- Bidra til gode faglege team
- Mobilisere og byggje nettverk og alliansar nasjonal og internasjonalt
- Samarbeide tett med forskarar ved Høgskulen i Volda og andre FoU-miljø
 
Kvalifikasjonar
- Utdanning frå universitet eller høgskule, helst doktorgrad eller tilsvarande
- Erfaring frå oppdragsforsking, med søknader og prosjektleiing
- Erfaring frå samarbeid i forskarnettverk
- God engelsk og norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
 
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Initiativrik
- Sjølvstendig
- Strukturert
- Målretta
 
Arbeidsstad
Volda
 
Vi kan tilby 
- Faste heiltidsstillingar
- Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
- Nettverksbygging gjennom tett samarbeid med alle høgskule- og forskingsmiljøa i fylket
- Løn etter avtale og kvalifikasjonar
 
 
Nærare opplysningar får du ved å vende deg til dagleg leiar Olav Fure i Møreforsking AS, tlf. +47 90 36 87 89, e-post: olav.fure@moreforsk.no. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt.