Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor - Møreforsking Volda me...

Forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor - Møreforsking Volda med fleire søknader til Regionalt Forskingsfond Midt-Norge

Møreforsking Volda har den seinare tida arbeidd med søknader retta mot forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor.

 
Søknadane som er sende til årets søknadsrunde i Regionalt Forskingsfond Midt-Norge har følgjande tema:
 
- Yrkes- og utdanningsrettleiing frå fragmentert system til samhandling? Eit utviklingsprosjekt.
 
- Samhandling i lokalt folkehelsearbeid.
 
- Kompetansebehov i brukarperspektiv. Samhandling om kompetanseutvikling og rekruttering i gjennomføring av Samhandlingsreforma.
 
Møreforsking Volda har - saman med Høgskulen i Volda - ein viktig rolle som kompetansekoplar mellom forskingsmiljø og offentleg sektor i Møre og Romsdal. Til dømes gjennom aktiv verksemd i kommunane for å kartlegge behov, og kople behova til kommunane opp mot relevante forskingsmiljø.
 
Nærare informasjon om forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor ved gruppeleiarane Randi Bergem og Finn Ove Båtevik, Møreforsking Volda.