Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Indikatorverktøy for Møre og Romsdal fylkeskommune

Numbers752_CC_JanetRamsden.jpg

Indikatorverktøy for Møre og Romsdal fylkeskommune

For å vurdere måloppnåinga av Fylkesplan 2013-2016 har Møreforsking utarbeida eit indikatorverktøy for Møre og Romsdal fylkeskommune


På oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune har Møreforsking utarbeida eit indikatorverktøy for å vurdere måloppnåing i høve til Fylkesplanen 2013-2016. Indikatorverktøyet er utvikla av Lars J. Halvorsen og Gunnvor Bakke frå Møreforsking i samarbeid med ei bredt samansett prosjektgruppe ved Fylkeskommunen.

 

Verktøyet er bygd opp med utgangspunkt i planlagde tiltak retta mot å realisere måla i fylkesplanen og kan indikere måloppnåing for fylkesplanen samla og for kvart av dei fire satsingsområda Kultur, Kompetanse, Verdiskaping og Samferdsle. Verktøyet kan også tene som eit hjelpemiddel i utforminga av neste fylkesplan.