Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

"Inn på tunet" - i kommunal tenesteproduksjon - frå prosjekt til drif

"Inn på tunet" - i kommunal tenesteproduksjon - frå prosjekt til drift

Møreforsking Volda har fått løyvd støtte frå Regionalt Forskingsfond Vestlandet til eit forprosjekt som skal sjå på implementering av "Inn på tunet" - konseptet i kommunal tenesteproduksjon.

 
"Inn på tunet" er eit felles omgrep for eit mangfaldig tilbod på gardsbruk innretta mot brukargrupper innan helse, omsorg, rehabilitering og oppvekst. Tilbodet er oftast individuelt tilrettelagt til brukarane/ målgruppa. Dette kan vere eit utdanningstilbod knytt til skule eller aktivitets- og arbeidstreningstilbod gjennom helse- og omsorgstenesta. Konseptet inngår i ein del kommunar som eit tillegg til kommunal tenesteproduksjon, ofte på prosjektbasis. Forprosjektet skal mellom anna identifisere faktorar som påverkar, positivt og negativt, implementering av "Inn på tunet" i den kommunale tenesteproduksjonen.
 
Nærare informasjon om dette forprosjektet ved Randi Bergem, Finn Ove Båtevik og Geirmund Dvergsdal , Møreforsking Volda.