Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

"Inn på tunet" i kommunal tenesteproduksjon - Vestlandsfylka støttar ...

"Inn på tunet" i kommunal tenesteproduksjon - Vestlandsfylka støttar prosjektet

Samarbeid mellom Møreforsking Volda, Høgskolen i Bergen og Høgskolen i Molde om å gjennomføre studie av “Inn på tunet”- konseptet i dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

 
Dette er eit forprosjekt, finansiert av Regionalt Forskingsfond Vestlandet og Fylkesmannen, Landbruksavdelinga i dei tre fylka. I prosjektet skal ein gjennomføre ei kartlegging i alle kommunane av omfanget av bruk av "Inn på tunet"- tenester. Målet med dette er å skaffe meir kunnskap om omfanget og kritiske suksessfaktorar for dei som kjøper, dei som ikkje kjøper og dei som tidlegare har kjøpt slike tenester.
 
Prosjektet skal etter planen vere avslutta innan utgangen av 2012.
 
Nærmare informasjon om dette forprosjektet ved Randi Bergem, Finn Ove Båtevik og Geirmund Dvergsdal, Møreforsking Volda.